Lenke til Stortingets hovedside  

Innst.S.nr.44 (1995-1996)
Innstilling frå familie-, kultur- og administrasjonskomiteen om endring av løyvingar på statsbudsjettet for 1995 under Finans- og tolldepartementet hva angår kap. 1610, 1615, 1616, 1618, 4601 og 4620.


oversikt første forrige neste

Kap. 1616 Andre utgifter til skatte- og avgiftsinnkrevjing

       Løyvingsoverslaget for 1995 bygde på ei forventning om at innkrevjingsutgiftene framleis kom til å liggja på eit lågare nivå, men at nedgangen kom til å minka. Samstundes tok departementet omsyn til ein viss auke av gebyra i samband med skattebetalingsordninga.

       På bakgrunn av rekneskapstal for 1994 og statistikk for innkrevjingsverksemda pr. fyrste halvår 1995 er det grunn til å rekna med ein sterkare nedgang i innkrevjingsutgiftene i 1995 enn den løyvingsoverslaget bygde på. Departementet gjer framlegg om at den vedtekne løyvinga under kap. 1616, post 11 blir sett ned med 10,0 mill. kroner.



oversikt første neste


Sist oppdatert 8. nov 2005 av Stortingets administrasjon