|
Oppdragsverksemda knytta til
Havforskingsinstituttet og drifta av forskingsfartya vart i 1995 meir
omfattande enn forventa. For ein del skuldast dette at
Havforskingsinstituttet har vorte pålagt å gjennomføre ei teljetokt på kval,
kostnadsrekna til 18 mill. kroner. Departementet gjer på denne bakgrunn
framlegg om ei tilleggsløyving under kap. 1020 Havforskingsinstituttet på 8
mill. kroner over post 11 og 15 mill. kroner over post 21 mot ein
tilsvarande auke av oppdragsinnstektene. Departementet gjer vidare framlegg
om ei tilleggsløyving under kap. 1021 Drift av forskingsfartya på 4,5 mill.
kroner over post 11 og 1 mill. kroner over post 21 mot ein tilsvarande auke
av oppdragsinntektene.
Komiteen har ingen merknad til forslag om auka løyving på 23 mill. kroner under kap. 1020 mot tilsvarande inntektsauke under kap. 4020 som fylgje av auka oppdragsverksemd.
Komiteen har ingen merknad til forslag
om auka løyving på 5,5 mill. kroner under kap. 1021 mot tilsvarande
inntektsauke under kap. 4021 som fylgje av auka oppdragsverksemd.
Komiteens medlemmer fra Høyre og representanten Christiansen vil for øvrig minne om sine merknader og forslag i B.innst.S.nr.12 (1994-1995).