|
Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Sigrun Eng, William Engseth, Ulf Guttormsen, Gunnar Halvorsen, Inger Lise Husøy, Astrid Marie Nistad og Einar Olav Skogholt, frå Senterpartiet, Peter Angelsen, Syver Berge og Unn Aarrestad, frå Høgre, leiaren, Kristin Krohn Devold og Dag C. Weberg, frå Sosialistisk Venstreparti, Reidar Johansen, frå Kristeleg Folkeparti, Lars Gunnar Lie, og frå Framstegspartiet, Øystein Hedstrøm, har merka seg at etterspurnaden etter garantiar hos SND (fylkeskommunane) har vore mindre enn budsjettert for 1995.
Komiteen syner til at SND får sine råmer løyvt frå Stortinget og retningsliner for prioriteringane.
Komiteen syner elles til at Regjeringa
vil kome attende til Stortinget om organiseringa av det regionale
forvaltingsapparat i det offentlege verkemiddelsystemet for næringslivet.
Komitémedlemene frå Senterpartiet
meiner det er stort behov for risikokapital i næringslivet. Offentlege
styresmakter har eit stort ansvar for å hjelpe til med å skaffe slik
kapital, m.a. gjennom SND. Desse medlemene meiner at når tilskotet til
dekking av tap på garantiar i SND ikkje er vorte oppbrukt, viser det at SNDs
regelverk og praksis må endrast. SND må i sterkare grad medverke til å
skaffe den naudsynte risikokapital for næringslivet, og såleis auke talet på
sysselsette i småbedriftene. Desse medlemene syner elles til Senterpartiet
sine merknader om SND i
B.innst.S.nr.8
(1994-1995) og
B.innst.S.nr.8
(1995-1996).
Komiteens medlemmer fra Høyre viser til B.innst.S.nr.8 (1995-1996) og Høyres forslag om å øke satsingen på SNDs nyskapingsavdeling med 150 mill. kroner for nettopp å øke vektleggingen av risikosatsing fremfor tjenester som ivaretas av den ordinære banknæring.
Disse medlemmene avventer imidlertid
den forestående gjennomgang av SND i den proposisjon/melding om SND som er
varslet av Regjeringen på nyåret.
Komitémedlemen frå Sosialistisk
Venstreparti meiner årsaka til at etterspurnaden etter garantiar frå SND
minkar, heng saman med SND sin profil og praksis. Denne medlemen meiner SND
i større grad må leggje vekt på å støtte næringsliv i distrikts-Norge som
har problem med å skaffe seg kapital i den ordinære finansmarknaden. Denne
medlemen meiner risikoviljen må opp og eigenfinansieringa ned. Denne
medlemen meiner Regjeringa burde ha sett eit kritisk søkjelys på kvifor
garantiramma ikkje vert utnytta, i staden for ukritisk å redusere
løyvingane.
Komiteen sin medlem frå Kristeleg
Folkeparti syner til Kristeleg Folkeparti sine merknader i
B.innst.S.nr.8
(1994-1995) og
B.innst.S.nr.8
(1995-1996) under dette kapittel. Denne medlemen har merka seg at
etterspurnaden etter garantiar frå SND har vore mindre enn budsjettert.
Denne medlemen vil kome attende med synspunkt på SND sin organisasjon i
samband med den varsla proposisjon/melding til våren.
Komiteens medlem fra Fremskrittspartiet viser til sin prinsipielle holdning og synspunkter i B.innst.S.nr.8 (1995-1996).