Lenke til Stortingets hovedside  

Innst.S.nr.106 (1995-1996)
Innstilling frå energi- og miljøkomiteen om forslag frå stortingsrepresentant Paul Chaffey om ikkje å tildele eigarrettar eller operatøransvar til franske oljeselskap i den 15. konsesjonsrunden.


oversikt første forrige neste

(* Innledning *)

       Til Stortinget.

       Forslagsstillaren viser i dokumentet til at Frankrike med sine atomprøvesprengingar medverkar til at målsetjinga om ei prøvestansavtale vert sett i fare, og at Noreg bør vise ei klar og konsekvent politisk haldning mot det franske prøvesprengingsprogrammet.

       Forslagsstillaren viser til at å stengja ute bestemte oljeselskap frå linsensar eller operatøransvar i den 15. konsesjonsrunden på norsk kontinentalsokkel vil vere eit særs sterkt politisk signal og eit tiltak som vil kunne ha negative verknader for dei oljeselskapa og dei landa som vert utsette for dette.

       På denne bakgrunnen vert det fremja følgjande forslag, dagsett 31. oktober 1995:

       « Stortinget ber Regjeringen sørge for at franske oljeselskaper ikke tildeles eierrettigheter eller operatøransvar i blokker på norsk sokkel som er utlyst i 15. konsesjonsrunde. Dette prinsippet tilsidesettes bare dersom Frankrike avbryter sitt prøvesprengningsprogram før tildelingene skjer. »



oversikt første neste


Sist oppdatert 8. nov 2005 av Stortingets administrasjon