Innst.S.nr.133 (1995-1996)
Innstilling frå kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen om
framlegg frå stortingsrepresentant Øystein Djupedal om lovfesta rett til
etter- og vidareutdanning.
KOMITEEN SI TILRÅDING
Komiteen syner til det som er sagt
ovanfor og rår Stortinget til gjere slikt
vedtak:
Stortinget ber Regjeringa om å leggje
fram ei stortingsmelding om ei livslang lærings- reform i løpet av våren
1997. Målet for meldinga bør vere å skape grunnlag for ein nasjonal
handlingsplan for etter- og vidareutdanning og vaksenopplæring. Meldinga
bør m.a. vurdere spørsmål knytte til lovfesta rett til etter- og
vidareutdanning, tilrettelegging av utdanningsinstitusjonane,
vaksenopplæringsorganisasjonane sin plass, partane i arbeidslivet si rolle,
og finansiering og kostnader ved ei reform for livslang læring.
| Oslo, i kyrkje-, utdannings-
og forskingskomiteen, den 22. februar 1996.
|
| Jon Lilletun, |
Ottar Kaldhol, | Siri Frost
Sterri, |
| leiar. |
ordførar. | sekretær. |
Sist oppdatert 8. nov 2005 av Stortingets administrasjon