|
Komiteen syner til proposisjonen og
det som står ovanfor og rår Stortinget til å gjere slike
Stortinget samtykkjer i at
forvaltningsansvaret for Noregs landbrukshøgskole og Noregs
veterinærhøgskole blir ført over frå Landbruksdepartementet til Kyrkje-,
utdannings- og forskingsdepartementet med verknad frå 1. januar 1997.
Stortinget samtykkjer i at Norsk
institutt for landbruksøkonomisk forsking, Norsk institutt for skogforsking,
Norsk institutt for planteforsking og Statens veterinære laboratorier vert
organiserte i samsvar med
Innst.S.nr.269
(1995-1996), jf. St.prp. nr. 63 (1995-1996), og gjevne unnatak frå
løyvingsreglementet § 4 og § 10 med verknad frå 1. januar 1996.
Stortinget ber Regjeringa i samband
med evaluering av landbruksforskinga å vurdere dei fagpolitiske, forskings-
og utdanningspolitiske spørsmåla med sikte på ei god samordning av høgre
utdanning og forsking.
| Oslo, i kyrkje-, utdannings-
og forskingskomiteen, den 13. juni 1996. |
| Jon Lilletun, | Jørgen Holte, | Siri Frost Sterri, |
| leiar. | ordførar. | sekretær. |