|
Komiteen har elles ingen merknader,
viser til meldinga og rår Stortinget til å gjere slikt
Stortinget vil be Regjeringa i samråd
med lokale styresmakter om ein samla plan for forsert kollektivutbygging i
Oslo- og Akershusregionen. Dette slik at målet om auka kollektivdel og
berekraftig transport kan bli nådd. Planen må både omfatte infrastruktur og
materiellsatsing for ulike kollektive transportformer. Liknande er òg
aktuelt i andre større byområde der ein lokalt tek slike initiativ.
Komiteen ber Regjeringa fremje forslag
til ein betydeleg redusert bruk av piggdekk i område som er særleg
miljøbelasta, seinast i samband med NVVP neste år.
St.meld. nr. 32 (1995-1996) - om
grunnlaget for samferdselspolitikken - vert lagd ved protokollen.
| Oslo, i samferdselskomiteen,
den 30. oktober 1996. |
| Magnus Stangeland, | Solveig Torsvik, |
| leiar og ordførar. | sekretær. |