Innst.S.nr.26 (1996-1997)
Innstilling fra energi- og miljøkomiteen om framlegg frå
stortingsrepresentant Børre Rønningen om kraftmarknad, pris og regulering.
SAMANDRAG
Det vert i dokumentet vist til at ein
nedbørfattig vintersesong har synleggjort at ulike energiselskap, private
som offentlege, tidvis har problem med å fylgje reguleringsføresegner knytt
til minstevassføring i dammar, vatnbasseng og elver.
Vidare opnar energiloven for ein fri
energimarknad for produksjon, omsetning, distribusjon og prising av
elektrisk kraft i Norge.
Fylgjande framlegg vert i dokumentet
lagt fram, dagsett 14. juni 1996:
| «- | Stortinget
ber Regjeringa ta initiativ til ei evaluering av energilov og reguleringsføresegner
(vassdragsreguleringslova). |
| - | Stortinget
ber Regjeringa å opprioritere ansvar og myndighet for kontrollerande myndighet
når det gjeld strømpris og reguleringsspørsmål knytt til vassdrag, dammar og
anlegg. |
| - | Stortinget
ber Regjeringa, eventuelt i samarbeid med svenske myndigheter, å prioritere ei
oppgradering/utbygging av nettet i Norden, med sikte på områda i Nord-Norge og
Nord-Sverige. |
| - | Stortinget
ber Regjeringa vurdere å innføre (tidsavgrensa) maksimalprisar på ulike typar
el-kraft.» |
Sist oppdatert 8. nov 2005 av Stortingets administrasjon