|
Post 60 Tilskott til verkemiddeltiltak i Nord-Noreg, kan overførast
Det er eit mindreforbruk på litt over
20 mill. kroner på post 60, og departementet gjer framlegg om ein
tilsvarande reduksjon.
Komiteen sluttar seg til
proposisjonen.
Post 67 Tilskott til kommunale musikkskolar, omlagløyving
Komiteen viser til handsaminga av
B.innst.S.nr.12
(1995-1996) der ulike fleirtal i komiteen auka løyvinga på post 67 med til
saman 4 mill. kroner, jf. også
B.innst.S.nr.II
(1995-1996). Av løyvinga på 4 mill. kroner var det føresett at 2 mill.
kroner vart nytta til Norsk Musikkskoleråd sitt arbeid med å opprette nye
musikkskular i samarbeid med dei statlege utdanningskontora, og 2 mill.
kroner til utviklingsprosjekt og nye samarbeidsprosjekt i regi av Norsk
Musikkskoleråd.
Komiteen sitt fleirtal, alle unnateke Framstegspartiet, finn grunn til å presisere føresetnaden for den først nemnde løyvinga på 2 mill. kroner. Løyvinga var ikkje meint som vanleg tilskott for å dekkje kommunane si drift av nye musikkskular. Ho var føresett nytta til Musikkskolerådet sitt førebuande arbeid for å få oppretta nye musikkskular. Fleirtalet ber departementet nytte løyvinga til å stø Norsk Musikkskoleråd sitt arbeid i 1996 i samsvar med dette.
Post 61 Tilskott til investeringar i skulebygg for 6-åringar, kan overførast
Prognosen for forbruket i 1996 syner
at det til saman kan bli eit meirbehov på 25 mill. kroner og det same i
mindrebehovet i 1997. For at byggjeprosjekt ikkje skal bli seinka fordi
kommunar manglar investeringstilskott, gjer departementet framlegg om slik
auke i løyvinga for 1996 og tilsvarande reduksjon i salderingsproposisjonen
for 1997.
Komiteen syner til dei respektive partia sine merknader og framlegg i Innst.S.nr.184 (1995-1996) om investeringskostnadane ved grunnskulereformen. Komiteen finn det gledeleg at så mange kommunar ønskjer å nytte seg av investeringstilskotet for å gi seksåringane høvelege skulelokale frå skulestart hausten 1997. Komiteen sluttar seg til framlegget til løyving frå Regjeringa.
Post 21 Tryggleiksopplæring for fiskarar
Troms fylkeskommune har hatt
meirutgifter på 6,7 mill. kroner til kurs som følgje av at yrkesfiskarar
vart pålagde å ta grunnleggjande tryggleikskurs med frist 31. desember 1995.
Staten har ansvaret for kostnadene til slik opplæring, og departementet gjer
framlegg om at fylkeskommunen får kompensert for desse meirutgiftene til
ekstra kurs i 1995. Etter framlegget vil departementet auke løyvinga under
post 21 med 3,8 mill. kroner i 1996 og omdisponere 2,9 mill. kroner av ei
tilleggsløyving på 4 mill. kroner til repetisjonskurs i tryggleiksopplæring
for fiskarar, der det melde seg få i 1996.
Komiteen syner til at Stortinget auka løyvinga med 4 mill. kroner til tryggleiksopplæring for fiskarar i Innst.S.nr.283 (1995-1996) for å starte repetisjonskurs. Komiteen har merka seg at Regjeringa vil omdisponere 2,9 mill. kroner av denne løyvinga avdi det har meld seg få deltakarar til kursa. Komiteen føreset at denne omdisponeringa ikkje hindrar fiskarar frå å få delta på repetisjonskurs, og at løyvinga speglar eit omfang på verksemda som er realistisk og tilstrekkeleg.
Komiteen sluttar seg til framlegget frå Regjeringa.
Post 70, Tilskott til bedrifter som tek inn lærlingar
Departementet har tidlegare hausten
1996 ved kongeleg resolusjon fått samtykke til å overskride løyvinga over
post 70 med 36 mill. kroner og gjer no framlegg om å auke løyvinga for 1996
med denne summen. Bakgrunnen er at utbetalingane av einskildtilskott for
lærlingar som staten har ansvaret for, har vorte fleire enn forventa.
Samstundes har utbetalingane av etableringstilskott til opplæringskontor og
-ringar auka.
Komiteen sluttar seg til proposisjonen.
Post 21 Særskilde driftsutgifter
Departementet gjer framlegg om å
redusere løyvinga under post 21 med 3,5 mill. kroner ettersom det har vore
færre avlagde eksamenar i vidaregåande opplæring enn forventa.
Komiteen sluttar seg til proposisjonen.
Post 60 Opplæring i norsk med samfunnskunnskap for flyktningar og innvandrarar
Departementet gjer framlegg om å auke
løyvinga under post 60 med 14,2 mill. kroner. Det endra behovet her heng
m.a. saman med auka familiesameining og utgifter til gjennomføring til
obligatorisk språkprøve som vart innført frå og med 1996.
Komiteen sluttar seg til proposisjonen.
Departementet gjer framlegg om å auke
løyvinga under kap. 274 post 01 med kr 615.000 pga. auka
administrasjonsutgifter ved Høgskulen i Ålesund i samband med
utdanningsprogrammet Sokrates. Vidare vil departementet gjere ein teknisk
ompostering under inntektskapitlet.
Komiteen sluttar seg til proposisjonen.
Departementet gjer framlegg om å setje
ned inntektene for 1996 på fem inntektskapittel og ut frå dette redusere
utgiftsløyvingane. Inntektssvikten gjeld statlege grunnskular og
vidaregåande skular, salsinntekter ved kompetansesentra for
spesialundervisning og oppdragsverksemd ved Statens ressurs- og
voksenopplæringssenter.
Komiteen sluttar seg til proposisjonen.