Lenke til Stortingets hovedside  

Innst.S.nr.77 (1996-1997)
Innstilling frå kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen om forslag frå stortingsrepresentantane Carl I Hagen og Arve Lønnum om å utsetje gjennomføringa av Reform 97 til han kan gjennomførast på ein ansvarleg og forsvarleg måte, likevel i minimum eitt år.


oversikt første forrige neste

SAMANDRAG

       Dokumentet inneheld dette forslaget:

       « Stortinget ber Regjeringen utsette gjennomføringen av Reform 97 til den kan gjennomføres på en ansvarlig og forsvarlig måte, dog i minimum ett år. »

       Forslagsstillarane syner til at Framstegspartiet har gått imot gjennomføringa av Reform 97. Kostnadene som har samanheng med gjennomføringa av reformen, er monaleg høgare enn overføringane frå staten til kommunane. Gjennomføringsprosessen har òg teke mykje lengre tid enn det ein hadde rekna med, med dei særs lite tilfredsstillande undervisningstilhøva og tilhøyrande sosiale problem som vil følgje av dette. Foreldre, føresette og lærarorganisasjonane har peika på ulike sider ved den forverringa Reform 97 fører med seg.

       Framstegspartiet har òg tidlegare gjort framlegg om å utsetje Reform 97, jf. Innst.S.nr.183 (1995-1996). Problema har sidan hopa seg opp, og fleire kommunar maktar ikkje å gjennomføre reformen innafor dei rammene Stortinget og Regjeringa har fastsett. Det er på denne bakgrunnen Framstegspartiet på ny gjer framlegg om å utsetje reformen til han eventuelt kan gjennomførast på forsvarleg vis.



oversikt første neste


Sist oppdatert 8. nov 2005 av Stortingets administrasjon