Lenke til Stortingets hovedside  

Innst.S.nr.147 (1996-1997)
Innstilling frå justiskomiteen om forslag frå stortingsrepresentant Jan Simonsen om auka løyvingar til politiet.


oversikt første forrige neste

Samandrag

       Stortingsrepresentant Jan Simonsen har den 12. februar 1997 sett fram følgjande forslag:

       « Stortinget ber Regjeringen snarest mulig fremsette forslag for Stortinget om nødvendig tilleggsbevilgning til politi- og lensmannsetaten, slik at samtlige politidistrikt får like mye midler til å dekke sine variable utgifter i 1997 som de hadde i 1996. »

       I grunngjevinga for framlegget heiter det m.a. at til tross for at Stortinget vedtok å løyva meir pengar til politi- og lensmannsetaten i 1997 enn det som var framlegget frå Regjeringa, har dei fleste av politikamra og lensmannskontora fått ein kraftig reduksjon i løyvinga til variable kostnader. Budsjettreduksjonen til politi- og lensmannsetaten har ført til ein kriseliknande situasjon fleire stader i landet, m.a. i Oslo. Forslagsstillaren meiner at debatten om justisbudsjettet for 1997 sist haust viser at det ikkje har vore noko ynskje frå stortingsfleirtalet si side å redusere aktivitetsnivået i politiet i høve til i 1996.



oversikt første neste


Sist oppdatert 8. nov 2005 av Stortingets administrasjon