|
Komiteen viser til at tilhøva må
leggjast til rette for at tenestemenn i politi- og lensmannsetaten skal
kunna setjast inn i naudsynt politiarbeid heile døgeret. Komiteen er einig
i at det er viktig å unngå ein reduksjon av politiinnsatsen på prioriterte
område, og at det difor er naudsynt å auka løyvinga til politi- og
lensmannsetaten. Komiteen viser elles til sine merknader i
Innst.S.nr.147
(1996-1997).
Komiteen sitt fleirtal, alle unnateke
medlemene frå Arbeidarpartiet, viser til sitt forslag i
Innst.S.nr.147
(1996-1997), og gjer framlegg om at proposisjonen vert lagt ved protokollen.
Komiteen sine medlemer frå Arbeidarpartiet stør framlegget om ein auke på kap. 440 med 150 millionar kroner, med slik inndekning som det er gjort greie for i proposisjonen.