Innst.S.nr.219 (1996-1997)
Innstilling frå energi- og miljøkomiteen om regional planlegging og
arealpolitikk.
Fylkesplanlegginga
Det er i meldinga gjort greie for:
| - | Fylkesplanlegginga
i eit internasjonalt perspektiv, |
| - | status
i utviklinga av fylkesplanlegginga, |
| - | utfordringar
for fylkesplanlegginga framover. |
Regjeringa legg i meldinga auka vekt
på fylkesplanlegginga som eit politisk reiskap, og Regjeringa ønskjer at
fylkeskommunen tek eit klårare ansvar for å leggje dei føringane som er
turvande for aktiv oppfølging av den regionale utviklinga. Det vert
understreka kor viktig det er at fylkeskommunane brukar fylkesplanane til å
klårgjere arealbruken som har regionale konsekvensar, og etableringar av
kjøpesentra og sikring av biologisk mangfald vert brukte som eksempel på kva
for interesser det er naturleg for fylkeskommunane å ta vare på i
arealplanlegginga på fylkesnivået. Vidare vert det streka under i meldinga
det verde samarbeidet om gjennomføringa og oppfølginga av fylkesplanen har,
som kan skje gjennom forpliktande kopling av verkemiddel frå fleire sektorar
og frå staten, fylkeskommunane og kommunane.
Det vert i meldinga lagt vekt på
følgjande punkt for å styrkje fylkesplanlegginga som reiskap for å ta vare
på fylkeskommunen sin regionalpolitiske rolle:
| - | Samarbeid
om gjennomføring og oppfølging av fylkesplanen skal styrkast gjennom forpliktande
kopling av verkemiddel frå fleire sektorar og frå staten, fylkeskommunane og
kommunane, bygd på ei felles forståing av nytten av slik planlegging, |
| - | styrking
av kommunane sin bruk av og eigarskap til fylkesplanlegginga, medrekna m.a. prioritering
av felles innsatsområde og skape samanheng i kommune- og fylkesplanlegginga,
synleggjere samla politisk ansvar for innbyggjarane i fylket, næringsliv, natur
og miljø, og klårgjere korleis staten si verksemd regionalt og sentralt blir
påverka og drøfting om gjennomføring og bruk av ulike typar verkemiddel, |
| - | departement
og direktorat med underliggjande etatar i fylka skal på sine ansvarsområde leggje
til rette for at det kan skje gode regionale tilpassingar av den nasjonale politikken
gjennom fylkesplanlegginga, |
| - | fylkeskommunane
skal i dialog med kommunane bruke fylkesplanlegginga aktivt for å fremje eit
ynskt utbyggingsmønster og ein god regional infrastruktur, og kommunane må tilpasse
sine arealplanar til regionale retningsliner gjevne gjennom fylkesplanlegginga,
|
| - | omlegging
av den sentrale handsaminga av fylkesplanar og fylkesdelplanar ved at ein større
del av dei sentrale styresmaktene sin innsats vert nytta til å klårgjere nasjonale
mål og interesser på førehand av planprosessen og til dialog og drøfting undervegs.
|
Komiteen sine merknader
Komiteen sitt fleirtal, alle unnateke
medlemene frå Høgre, peikar på at trass i positive utviklingsdrag dei
seinare åra i mange av fylka, er det generelt trong for betring av
fylkesplanlegginga før ho kan seiast å ha fått den politiske posisjonen, den
regionale funksjonen og faglege kvaliteten som er naudsynleg. Difor er det
viktig at samarbeidet om fylkesplanlegginga mellom fylkeskommunen og staten
fyrst og fremst vert styrka på fylkesnivået.
Komiteen er samd med Regjeringa i at
ein større del av dei sentrale styresmaktene sin innsats bør nyttast til
avklaring av nasjonale mål og interesser i framkant av planprosessen, og til
dialog og drøftingar undervegs. Etterfølgjande godkjenningshandsaming bør i
større grad konsentrerast om å vurdere i kva grad nasjonale mål og
interesser er ivaretekne og overordna prinsipp og retningslinjer er følgde.
Komiteen viser til at fylkesplanen
etter plan- og bygningslova skal fastleggje retningslinjer for bruken av
areal og naturressursar som får store verknader ut over grensene for den
einskilde kommunen. Ei slik fastlegging må etter komiteen sitt syn skje i
nær dialog og forståing med kommunane det gjeld. Komiteen ser det elles som
viktig at kommunane sin bruk av og eigarskap til fylkesplanlegginga må
styrkast. Dette kan mellom anna skje gjennom betre deltaking i prosessen
gjennom prioritering av felles innsatsområde og forhandlingar og avtalar om
bruk av verkemiddel. Komiteen meiner at fylkeskommunen ikkje bør ha nokon
overordna funksjon med motsegnsrett i høve til kommuneplanlegginga utover
det som i dag er nedfelt i plan- og bygningslova og som i hovudsak gjeld
samordning av nasjonale, regionale og interkommunale interesser.
Komiteens medlemmer fra Høyre viser
til sine generelle merknader. Disse medlemmer vil videre vise til at Høyre
prinsipalt går inn for å avvikle fylkeskommunene som forvaltningsnivå og at
en tilslutning til dette syn i så fall vil kreve en annen organisering av
det regionale planarbeidet.
Komiteens medlem Hillgaar vil vise til
at såfremt en senere vil innføre et folkevalgt organ for å behandle miljø-
og arealsaker m.v. på fylkesnivå, vil det være naturlig at et slikt organ
får en godkjenningsrolle, også overfor større kommunale planer og tiltak.
Sist oppdatert 8. nov 2005 av Stortingets administrasjon