Innst.S.nr.226 (1996-1997)
Innstilling frå kommunalkomiteen om framlegg frå stortingsrepresentant
Børre Rønningen om å be Regjeringa snarast å legge fram ei sak om
tiltaksgarantien og dagpengar for langtidsledige som har gått ut
dagpengeperioden pr. 1. januar 1997.
Samandrag
I dokumentet vert det fremma følgjande
framlegg:
« Stortinget ber Regjeringa kome med
framlegg om strakstiltak og endringar i lov om folketrygd og i lov om tiltak
til å fremme sysselsetting som inneheld følgjande:
| 1) | Det
ytast heile eller graderte dagpengar til trygdet som har hatt arbeidsinntekt
i sist avslutta kalenderår, eller eit gjennomsnitt av dei siste tre avslutta
kalenderår, på minst 1 G. |
| 2) | Den
ledige skal ha rett på dagpengar dersom vanleg arbeidstid er redusert med minst
25 % (i dag 40 %). |
| 3) | Dagpengeperioden
løper normalt i 156 veker (ingen todeling). |
| 4) | Dersom
den ledige ikkje har greidd å skaffe seg/eller fått tilbod om arbeid innan dagpengeperiodens
utløp, skal vedkomande framleis ha rett til dagpengar eller tiltak. |
| 5) | Inntekt
frå arbeidsmarknadstiltak og dagpengar reknast med i dagpengegrunnlaget. |
| 6) | For
langtidsledig ungdom under 25 år og langtidsledige over 55 år vert det utvikla
tiltaksordningar på 2 x 12 månader med normale løns- og arbeidsvilkår. Det må
vidare vurderast å legge til rette for at langtidsledige frå og med fylte 57
år kan få fortrinn til ledig arbeid/stilling i offentleg sektor. »
|
Som bakgrunn for framlegget vert det i
dokumentet vist til dei endringane som vart gjort i folketrygdlova og
sysselsettingslova i 1996, jf.
Innst.O.nr.77
(1995-1996).
Dei nye reglane skulle gjelde frå og
med 1. januar 1997, men pr. dags dato har ikkje Arbeidsdirektoratet og
Kommunal- og arbeidsdepartementet blitt einige om nødvendige forskrifter
knytt til langtidslediges økonomiske vilkår og den sokalte tiltaksgarantien.
Dei langtidsledige opplever difor no
at dagpengar blir avstengt utan at tiltak er tilgjengeleg.
Det går fram av dokumentet at denne
situasjonen skaper stor frustrasjon og arbeidsmessige problem for tilsette i
arbeidsmarknadsetaten, samtidig som dei langtidsledige blir handsama på ein
uverdig måte. Situasjonen blir ikkje betre ved at budsjettforliket for 1997
ikkje garanterte eit forsvarleg tiltaksnivå.
Sist oppdatert 8. nov 2005 av Stortingets administrasjon