Lenke til Stortingets hovedside  

Innst.S.nr.275 (1996-1997)
Innstilling frå kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen om forslag frå stortingsrepresentant Erling Folkvord om sikring av høyrselhemma sin rett til å velje anten vidaregåande opplæring på teiknspråk i eit teiknspråkleg miljø eller medbruk av tolk i eit norskspråkleg miljø.


oversikt første forrige neste

Samandrag

       Dokumentet inneheld dette forslaget:

       « Stortinget ber Regjeringa fremme forslag om endringer i lovverket for videregående skole slik at hørselshemmet ungdom får lovfestet rett til å velge videregående opplæring på tegnspråk i et tegnspråklig miljø eller videregående opplæring med bruk av tolk i et norskspråklig miljø. »

       Det er i dag omkring 100 høyrselhemma elevar på vidaregåande nivå. Opplæringa finn stad på døveskolar i eit teiknspråkleg miljø eller i vanleg vidaregåande skole med hjelp av tolk. Forslagsstillaren drar fram det spesielle i høyrselhemma sin situasjon som språkleg minoritet. Han peikar på at ei overføring frå dei statlege døveskolane til fylkeskommunale knutepunktskolar vil føre med seg oppsplitting av elevmiljø og meir undervisning med hjelp av tolk. Dette vil ha konsekvensar for elevane si læring og sosiale situasjon.

       Einskilde døve vel å ta utdanninga på ein vanleg vidaregåande skole. Grunnen kan vere at dei har familie på staden, eller at dei ønskjer utdanning ved liner som døveskolane ikkje har. Men døve er ikkje sikra eit reelt skoletilbod ved bruk av tolk. Forslagsstillaren peiker m.a. på at sjølv om hjelpemiddelsentralane frå 1. januar 1997 har finansieringsansvaret for skolehjelpemiddel, er finansieringsansvaret for tolkehjelp for høyrselhemma i skolen likevel ikkje ført over til folketrygda. Døve som søkjer seg til vidaregåande skolar og treng tolk, må difor på eige initiativ skaffe seg tolk.

       Den lovfesta retten til vidaregåande opplæring gjeld alle som har gjennomført grunnskolen våren 1994 og seinare. For at høyrselhemma skal vere i stand til å gjere seg nytte av denne retten, må dei, etter forslagsstillaren si meining, ha høve til å velje mellom å ta utdanninga i eit teiknspråkleg miljø med eit noko redusert linetilbod eller i eit norskspråkleg miljø med bruk av tolk og med eit omfattande linetilbod.



oversikt første neste


Sist oppdatert 8. nov 2005 av Stortingets administrasjon