|
Eg viser til mitt brev av 5. desember
om tilskotsordninga for sysselsetting av sjøfolk og brev frå næringskomiteen
av 8. desember om ytterlegare opplysingar.
Spørsmål 1: Komiteen ber departementet
gje ein oversikt over utbetalingar i dei terminane som er forfalne i 1997.
Svar: Under har departementet sett opp
ein oversikt over dei utbetalingane som er forfalne i 1997 og anslag på
5. termin som også skal utbetalast i 1997. Utbetalingane er basert på ein
refusjonssats på 20 % av bruttoløn, og utbetalingane er aukande fordi det er
blitt fleire sjøfolk som har kome inn under ordninga i 1997.
Beløpa er i 1.000 kr. og er avrunda.
| Termin | Post 70 | Post 71 | Totalt |
|---|
| 6. 1996 | 50.000 | 2.000 | 52.000 |
| 1. 1997 | 71.000 | 5.000 | 76.000 |
| 2. 1997 | 75.000 | 8.000 | 83.000 |
| 3. 1997 | 76.000 | 8.000 | 84.000 |
| 4. 1997 | 78.000 | 8.000 | 86.000 |
| 5. 19972 | 78.000 | 8.000 | 86.000 |
| Sum | 428.000 | 39.000 | 467.000 |
| 1 | Anslag, ikkje ferdig handsama |
| 2 | Anslag,
ikkje ferdig handsama |
Spørsmål 2: Komiteen ber om ei
orientering om anslag for samla behov for løyvingar i 1997 og over kor mykje
som kjem til utbetaling i 1998 som gjeld 1997.
Svar: Under har departementet sett opp
ein tabell som viser disponibel løyving for 1997, forventa forbruk i 1997 og
forventa mindreforbruk i 1997 som kan overførast til 1998:
(i 1.000 kroner)
| Kap/ post | B.innst.S. nr.III 1997 | Overført frå 1996 til 19971 | Disponibel løyving i 1997 | Forventa forbruk 1997 (avrundet) | Forventa meir/ mindreforbruk i 1997 (avrundet) | Forslag i St.prp. nr. 12 (1997-1998) |
|---|
| 947 | ||||||
| 70 | 339.000 | 48.066 | 387.066 | 428.000 | -40.000 | 70.000 |
| 71 | 75.000 | 33.304 | 108.304 | 39.000 | 70.000 | -70.000 |
| Sum | 414.000 | 81.370 | 495.370 | 467.000 | 30.000 | 0 |
| 1 | Tilskotsordninga
var overførbar i 1996. |
Departementet anslår det samla behovet for løyvingar i 1997 under kap. 947 til å vere om lag 467 mill. kroner. Når ein tar omsyn til at overførde midlar frå 1996 disponerast, vil mindreforbruket samanlikna med disponibel løyving vere om lag 30 mill. kroner.
Derfor har departementet i St.prp. nr. 12 (1997-1998) foreslått å gjere løyvinga for 1997 under kap. 947 overførbar for at det forventa mindreforbruket i 1997 på 30 mill. kroner skal gå med til å dekkje deler av dei opparbeidde refusjonane for 6. termin 1997 som først kjem til utbetaling i 1998. For 1998 vart det i St.prp. nr. 1 Tl.03 (1997-1998) foreslått ei løyving på 51 mill. kroner på ein ny felles post 70 under kap. 947 som skal dekkje det resterande behovet for midlar som er nødvendig for å innfri refusjonane for 6. termin 1997 som først kjem til utbetaling i 1998.