|
Sammendrag
Post 70 Tilskot til innanlandske flyruter blir foreslått auka med 18,1 mill. kroner.
Av beløpet gjeld 2,5 mill. kroner godtgjersle til SAS for perioden 1. november til 31. desember 1997 til ruta Lakselv-Tromsø, som er gitt SAS etter anbod. Dette blir finansiert ved å omdisponere midlar under kap. 1311 post 60 Tilskot til ikkje statlege flyplassar.
15,6 mill. kroner utgjer tilskotsendring som følgje av omlegginga av lufthamnavgiftene som blei sett i verk frå og med 1997. I tillegg har ein på vanleg måte innført lufthamnavgifter ved Værøy helikopterplass etter opninga av den permanente landingsplassen i 1997.
Endringa på 15,6 mill. kroner svarer til ein auke i avgiftsinntektene for eigarane av dei regionale lufthamnene (Luftfartsverket og kommunane). Behovet for tilskot over kap. 1311 Tilskot til regionale flyplassar blir derfor tilsvarande redusert, jf. post 70 Overføring til Luftfartsverket.
Departementet gjer vidare framlegg om
å redusere løyvinga på kap. 1310 post 71 frå 150 mill. kroner til 0 kroner.
Avgiftsordninga fell bort frå og med 1998.
Komiteens merknader
Komiteen har ingen merknader.
Sammendrag
Post 60 Tilskot til ikkje statlege
flyplassar og post 70 Overføring til Luftfartsverket, blir foreslått
redusert med høvesvis 2,4 mill. kroner og 14,6 mill. kroner, jf. omtale
under kap. 1310 post 70.
Komiteens merknader
Komiteen har ingen merknader.
Sammendrag
Post 70 Avgift til finansiering av
kjøp av flytransporttenester vert foreslått redusert frå 150 mill. kroner
til 0 kroner, jf. omtale under kap. 1310 post 71.
Komiteens merknader
Komiteen har ingen merknader.