|
Komiteen har med interesse merka seg at det blir arbeidd for å få etablert ei privat forskingsstifting « Norsk Institutt for Genøkologi - GENØK » i Tromsø. Utgangspunktet for arbeidet er det medisinsk-biologiske miljøet ved Universitetet i Tromsø.
Komiteen vil understreke at det er viktig å satse på forsking og kompetanseutvikling på området genteknologi. I denne konkrete saka gjeld spørsmålet om Stortinget skal be Regjeringa opprette 2 forskarstillingar ved det nye forskingsinstituttet. Sjølv om komiteen er samd i at det er viktig å styrke innsatsen innanfor forsking og kompetanseutvikling på dette feltet, kan komiteen ikkje stø framlegget. Komiteen viser i denne samanhengen til brev frå statsråden, dagsett 17. desember 1997, som er teke inn som trykt vedlegg til innstillinga. Her går det fram at tildeling av midlar til private forskingsinstitusjonar ikkje er knytte opp til bestemte stillingar. Komiteen reknar med at forskingsstiftinga, når ho er etablert, søkjer om basisløyving frå Noregs forskingsråd eller eit departement, etter dei vanlege retningslinene for slik støtte.