|
Eg syner til brev frå kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen, dagsett 3. desember 1997, med spørsmål om kommentarar til Dok.nr.8:34 (1997-1998) Forslag frå stortingsrepresentant Steinar Bastesen om opprettelse av forskerstillinger ved Norsk Institutt for Genøkologi i Tromsø.
Forslaget reiser viktige spørsmål om alvorlege helse-, miljø- og ressursutfordringar og peikar på behovet for å auka innsatsen til forsking og kompetanseutvikling på feltet. Dette er eg samd i.
Initiativet til etablering av Norsk Institutt for Genøkologi (GENØK) er teke av nokre tilsette ved Det medisinske fakultet ved Universitetet i Tromsø. Sjølv om meininga er at GENØK skal vere ei privat stifting, så er det frå stiftarane si side meint å vere nær kontakt mellom stiftinga og Universitetet i Tromsø. Eg føreset at universitetet tek kontakt med departementet når det gjeld dei organisatoriske spørsmåla.
Når det gjeld tildeling av midlar til private forskingsinstitutt, så er desse ikkje knytte opp til bestemte stillingar. Slike institutt kan derimot søkje om ei basisløyving, anten frå Noregs forskingsråd eller frå eit departementet.
Dersom GENØK vert etablert og ønskjer statleg tilskott, vil eg tilrå at stiftinga vender seg til eit relevant departementet eller til Noregs forskingsråd. Før tilskott blir gjeve er det vanleg at ein får vurdert organisasjonen, det faglege grunnlaget, målsetjinga osb. Til orientering følgjer « Retningslinjer for statlig finansiering av forskningsinstitutt », fastsett av Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet i 1994.