Innst.S.nr.85 (1997-1998)
Innstilling frå finanskomiteen om Kredittmeldinga 1996.
2. REGELVERKSUTVIKLING OG FORVALTNINGSSAKER PÅ FINANSMARKNADSOMRÅDET
2.1 Regelverksutviklinga på finansmarknadsområdet
2.1.1 Samandrag
Bank- og finansieringsverksemd
Det er i meldinga gjort greie for
desse regelverksendringane:
| - | Ny
lov om sikringsordninger for banker og offentlig administrasjon m.v. av finansinstitusjonar
vart fastsett ved lov av 6. desember 1996 nr. 75 (
Ot.prp. nr. 63 (1995-1996) og
Innst.O.nr.3
(1996-1997)). |
| - | Ved
lov av 7. juni 1996 nr. 30 vart mellom anna finansinstitusjonslova § 2-17
om tiltak mot kvitvasking av pengar endra med sikte på å styrkje regelverket
til å førebyggje og kjempe mot kvitvasking av utbytte frå kriminell aktivitet,
jf.
Ot.prp. nr. 22 (1995-1996) ,
Innst.O.nr.50
(1995-1996) og omtale i Kredittmeldinga 1995. |
| - | Finansdepartementet
har føreslått lovedningar og fastsett forskrifter som følgje av krav frå EFTA
sitt overvakingsorgan ESA om å bringe regelverket i tråd med EØS-reglar. Finansdepartementet
fastsette 19. desember 1996 naudsynte forskrifter og endringsforskrifter:
|
| - | Forskrift
2. mai 1994 nr. 326 om filial av bankar og andre kredittinstitusjonar i annan
stat innanfor EØS vart endra slik at dotterføretak av utanlandsk kredittinstitusjon
kan etablere filial i Noreg. Vidare vart føresegner om informasjon som skal gjerast
offentleg, revisjon av filial og lovval endra. I hovudsak vart tilsvarande endringar
gjorde i forskrift 7. juli 1994 nr. 717 om grenseoverskridande tenesteyting
av utanlandske bankar og andre kredittinstitusjonar i annan stat innanfor EØS.
|
| - | Forskrift
28. desember 1993 nr. 1257 om fordeling av tilsyn med finansinstitusjonar
med hovudsete i annan EØS-stat og som driv verksemd i Noreg, mellom Kredittilsynet
og utanlandsk myndigheit vart endra til å omfatte tilsynssamarbeid om forvaltningsselskap
for verdipapirfond. Det vart òg fastsett at Kreditttilsynet skal utveksle
opplysningar i samband med samarbeid med tilsynsmyndigheit i annan EØS-stat.
|
| - | Det
vart lagt til ei føresegn i forskrift 28. juli 1994 nr. 750 om prospekt for
verdipapirfond om at marknadsføring av verdipapirfond skal innehalde opplysningar
om kvar prospekt skal vere tilgjengelege. |
| - | Det
vart fastsett ei ny
forskrift 19. desember 1996 nr. 1319 om varslingsplikt ved suspensjon av
innløyseretten som pålegg forvaltningsselskap for verdipapirfond straks å varsle
myndigheitene i dei statar der dei tilbyr partar, dersom innløyseretten for partane
blir suspendert. |
| - | Det
vart fastsett ei ny forskrift 19. desember 1996 nr. 1320 om forsikringstekniske
avsetnader ved koassuranse i skadeforsikring innanfor EØS. Denne forskrifta fastset
mellom anna at ein koassurandør sine avsetnader for ikkje oppgjorde skadar minst
skal svare til den avsetnad som er fastsett av hovudassurandøren etter reglar
eller praksis i den stat der dette selskapet har sitt hovudsete. Det norske selskapet
sine avsetnader skal i alle høve fylle kravet til avsetnader etter norske reglar.
|
| - | Finansdepartementet
fastsette 28. juni 1996 forskrift om verksemda til norske kredittinstitusjonar
i annan EØS-stat. Forskrifta er omtala i Kredittmeldinga 1995. |
| - | Finansdepartementet
fastsette 23. april 1997 forskrift nr. 376 om tilsyn og kontroll med kredittinstitusjonar
og verdipapirføretak sine store engasjement. |
| - | Kredittilsynet
har oppdatert årsrekneskapsforskriftene som gjeld for bank og forsikring, jf.
nye forskrifter 13. september 1996 nr. 920 og 921. Regelverket blir revidert
på nytt når ny rekneskapslov er vedteken. |
| - | Kredittilsynet
har i 1996 ført vidare sitt arbeid med rekneskapsreglar for finansielle derivat.
Det er mellom anna teke inn krav om tilleggsopplysningar i rekneskapane til bankar
og forsikringsselskap. Etter Kredittilsynet si vurdering er situasjonen i Noreg
på dette området i samsvar med utviklinga internasjonalt. Men det er framleis
mykje som ikkje er avklara når det gjeld rekneskapsmessig behandling av derivat
både her i landet og ute. |
Forsikringsverksemd og pensjonsordningar
Det er i meldinga gjort greie for
desse regelverksendringane:
| - | Finansdepartementet
har endra rammeverket for livsforsikring med investeringsval (unit linked). |
| - | Med
verknad frå 1997 er det opna for ei ny ordning for individuelle pensjonsavtaler
(IPA), som kan inngås med forsikringsselskap, bank eller forvaltningsselskap
for verdipapirfond. |
| - | IPA-regelverket
erstattar ordninga med egen pensjonsforsikring etter skatteloven (EPES). Forskrift
4. september 1992 om egen pensjonsforsikring etter skatteloven vert oppheva
frå 1. januar 1998. Etter denne datoen vert EPES-kontraktar regulerte av reglane
om pensjonsforsikring i IPA-forskrifta. I motsetnad til det som sto i
Ot.prp.nr.64
(1996-1997) skal kontraktar som har vorte teikna som EPES konverterast til IPA,
og vil verte regulerte av reglane om pensjonsforsikringsavtaler. |
| - | Premie
og tilskott til IPA gir etter skattelova rett til frådrag i skattytars alminnelege
inntekt. |
| - | Finansdepartementet
fastsette 23. april 1997 forskrift nr. 377 om forsikringsselskap si kapitalforvaltning.
Forskrifta gjennomfører EØS-reglar som svarar til rdir.
92/49 EØF (tredje skadeforsikringsdirektiv) og 92/96 EØF (tredje livsforsikringsdirektiv)
som mellom anna inneheld reglar om forvaltning av eigedelar i forsikringsselskap.
|
| - | Kredittilsynet
har utarbeidd eit utkast til forskrift med heimel i filialforskrifta (forskrift
2. mai 1994 nr. 326) med reglar om korleis EØS-selskapa skal oppfylle krav
og vilkår om garantiordningar i forsikringsverksemdslova med forskrifter. Utkastet
vart sendt på høyring i november 1996. |
| - | Forskrift
15. september 1997 nr. 1005 om premier og forsikringsfond i livsforsikring
inneheld reglar om grunnlagsrente, berekning av kor stor minsteverdi forsikringsfondet
har, og reglar om tilleggsavsetnader. Samstundes med fastsetjinga vart forskrift
25. november 1993 nr. 1063 om premier i livsforsikring oppheva. Endringa inneber
ei gjennomføring av EØS-avtalen, direktiv
79/267/EØF og
92/96/EØF , og er ei presisering i forhold til tidlegare regelverk. |
| - | Finansdepartementet
fastsette 23. april 1996 endringar i forskrift 19. februar 1993 nr. 117
om forsikringsverksemdslova si anvending på pensjonskasser og pensjonsfond. |
| - | Finansdepartementet
fastsette 22. mai 1996 forskrift nr. 506 om overdraging av forsikringsportefølje
teikna etter reglane om etableringsrett eller utveksling av tenesteytingar. Forskrifta
gjennomfører EØS-reglar, jf. forsikringsverksemdslova § 3-8. Forskrifta er omtala
i Kredittmeldinga 1995. |
Verdipapirhandel
Det er i meldinga gjort greie for
arbeidet med desse regelverksendringane:
| - | Ny
lov om verdipapirhandel vart fastsett ved lov av 19. juni 1997 nr. 73 (Ot.prp. nr. 29
og
Innst.O.nr.83
(1996-1997)). Den gamle verdipapirhandellova vart endra ved lov av 7. juni 1996
nr. 25. Endringane galdt reglane for konsesjon for verdipapirføretak og verksemda
i desse, og er omtala i Ot.prp. nr. 15, jf.
Innst.O.nr.48
(1995-1996) og i Kredittmeldinga 1995. Desse endringane er tekne inn i den nye
lova. Vidare er reglane for handel med aksjar og andre finansielle instrument
endra, mellom anna reglane om innsidehandel, meldepliktig verdipapirhandel, forretningsmetodar
og kursmanipulering, flaggingsplikt, tilbodsplikt, prospektkrav og motrekning
av valuta- og derivatkontraktar. Verdipapirlovutvalet vart oppnemnt ved kgl.res.
31. januar 1994. Lovendringane byggjer på to delinnstillingar frå utvalet trykte
som
NOU 1995:1 og
NOU 1996:2 . |
I medhald av verdipapirhandellova er
det til no fastsett 15 nye forskrifter og overgangsreglar m.v., som det er
gjort nærare greie for i meldinga:
| - | Forskrift
14. oktober 1996 nr. 983 om sikkerheit som må stillast for verdipapirføretak,
slår i samsvar med verdipapirhandellova § 4-13 første ledd fast at verdipapirføretak
og filialar av utanlandske verdipapirføretak skal stille sikkerheit for ansvar
føretaket kan pådra seg i samband med verksemda. |
| - | Den
såkalla NAT-saka avdekte eit generelt behov for reglar om tilsette i finansnæringa
sin eigenhandel med finansielle instrument. NAT-saka hadde fleire sider. Ei galdt
usakleg fordeling av aksjar i ein aktuell emisjon frå tilretteleggjaren si side
i strid med krav om god forretningsskikk. Ei anna galdt visse proteføljeforvaltarar
si handtering av oppdragsgivaren sine interesser i høve til eigne interesser.
Finansdepartementet fastsette på denne bakgrunn forskrift 11. juni 1997 nr.
593 om minstekrav til internreglar for verdipapirføretak, finansinstitusjonar
m.v. om eigenhandel i finansielle instrument for visse tilsette. |
| - | Kredittilsynet
fastsette forskrift 6. juni 1997 nr. 590 om eigenhandel med finansielle instrument
for tilsette i forvaltningsselskap for verdipapirfond. Internregelforskrifta
gjeld difor ikkje for tilsette i forvaltningsselskap for verdipapirfond. |
| - | Finansdepartementet
sende 28. april 1997 på høyring eit lovforslag frå Kredittilsynet om reglar
for tilsette i verdipapirføretak når dei driv eigenhandel med finansielle instrument.
Høyringsfristen var 1. august 1997. Saka er for tida til behandling i departementet.
|
Anna regelverk
Det er i meldinga gjort greie for
arbeidet med desse regelverksendringane:
| - | Emisjonsforskrifta
27. februar 1989 nr. 135 vart oppheva 20. desember 1996. |
| - | Samstundes
med at emisjonforskrifta blei endra, vart det fastsett ei ny forskrift 20. desember
1996 nr. 1247 om emisjonskurs og meldeplikt når eit føretak utsteder ihendehavarobligasjonar
o.a. |
| - | Finansdepartementet
sende 24. oktober 1996 ut eit høyringsnotat om opprydding i føresegner i penge-,
kreditt- og valutalovgivinga m.v. med frist til å uttale seg 20. mars 1997.
Høyringsnotatet inneheldt mellom anna forslag om oppheving av penge- og kredittlova
og valutalova. |
| - | Ved
kgl.res. 6. september 1996 vart ansvaret for Kommunalbanken flytta frå Finansdepartementet
til Kommunal- og arbeidsdepartementet med verknad frå 1. januar 1997. 15. november
1996 vart det fastsett endringar i forskrift for Norges Kommunalbank som følgje
av at ansvaret vart flytta. |
2.1.2 Merknader frå komiteen
Komiteen tek til orientering det som
står i meldinga om regelverksutvikling på finansmarknadsområdet.
Komiteen har elles ingen merknader.
2.2 Viktige forvaltningssaker
2.2.1 Samandrag
I vedlegg til meldinga er det gitt ei
oversikt over forvaltningsavgjerdene som departementet tok i 1996. I
meldinga er det gitt ei omtale av følgjande viktige forvaltningssaker i 1996
og 1997:
| - | Finansdepartementet
fastsette 6. desember 1995 nye retningsliner for Postbanken sitt høve til å plassere
overskuddslikviditet som kontolån i Noregs Bank. |
| - | Finansdepartementet
avgjorde i 1996 følgjande konsesjonsaker om skiping eller utviding av finanskonsern
gjennom oppkjøp eller samarbeid mellom finansinstitusjonar: |
| - | Departementet
gav 12. januar 1996 Kreditkassen løyve til å kjøpe 100 % av aksjane i Norgeskreditt
Holding AS. Kredittilsynet gav tilråding i saka. Kreditkassen fekk òg mellombels
løyve til å eige mellom 90 og 100 % av aksjane fram til 31. mars 1997. |
| - | Både
DnB og det nederlandske forsikringsselskapet AEGON fekk 23. januar 1996 samtykke
til å eige 100 % av aksjane i Vital Forsikring AS. Kredittilsynet gav tilråding
i saka. |
| - | Finansdepartementet
godkjende 4. juni 1996 ei samarbeidsavtale mellom Sparebanken Midt-Norge,
Sparebanken Nord-Norge, Sparebanken Rogaland og Sparebanken Vest. |
| - | 20. desember
1996 godkjende departementet ei samarbeidsavtale mellom 12 mindre sparebankar.
Desse danna Samarbeidende Sparebanker AS som, saman med dei fire eigarbankane
i Sparebankgruppen, samstundes fekk løyve til kvar å eige 20 % av Sparebankgruppen
AS. |
| - | Finansdepartementet
vedtok 22. mai 1996 å redusere eit refusjonskrav mot Sparebanken Rana i samband
med granskingsarbeidet i Wiker-utvalet. |
| - | Finansdepartementet
gav 27. august 1996 Cultura Lånesamvirke løyve i medhald av sparebanklova
§ 3 til å drive sparebankverksemd. |
| - | Finansdepartementet
avslo 5. september 1996 å forlengje dispensasjonane til Orkla ASA og Tiger
Management Corporation (Tiger) til kvar å kunne eige inntil 15 % av aksjane i
UNI Storebrand. |
| - | Ved
kgl. res. 27. november 1993 vart det i medhald av sentralbanklova § 16 vedteke
å gi ut ein jubileums- og minnemyntserie i samand med Sykkel-VM i Oslo 1993.
|
| - | Finansdepartementet
vart i brev 3. juli 1996 frå Eksportfinans AS bede om ei avklaring av om departementet
kunne oppretthalda Eksportfinans sin dispensasjon frå eigaravgrensingsreglane,
dersom selskapet ovetok og fusjonerte med Kommunekreditt Norge AS, eit selskap
i Kreditkasse-konsernet. |
| - | Finansdepartementet
behandla i 1996 følgjande fire søknader om godkjenning etter finansieringsverksemdslova
§ 2-7 i saker knytte til betalingsformidling: |
| - | Sparebankenes
servicekontor, Forretningsbankenes servicekontor og Postbanken søkte 24. november
1995 Finansdepartementet om godkjenning for rammeavtale om integrering av Postbanken
i den felles intrastrukturen for betalingsformidling som dei andre bankane har.
|
| - | Finansdepartementet
godkjende 9. mai 1996 ei avtale om skiping av eit selskap for betalingsterminalar
i varehandelen o.a. (RFTPOS), kalla Bank-Axept AS, etter søknad frå bankforeiningane.
Selskapet er sentral for innsamling av data frå betalingsterminalar i detaljhandelen.
|
| - | Finansdepartementet
godkjende 9. juli 1996 ei ny avtale om interbankgebyr etter søknad frå servicekontora
for dei to bankforeiningane. |
| - | Finansdepartementet
godkjende 11. juni 1996 ei avtale om « regler om beregning av pris for tilgang
til bankenes fellessystemer innen betalingsformidlingen », etter søknad frå
Sparebankforeningens servicekontor og Bankforeningens servicekontor. |
| - | Finansdepartementet
vedtok 16. august 1996 ikkje å gi UNI Storebrand løyve til å eige inntil 45
% av A-aksjane og 40 % av B-aksjane i Røde Kors Klinikk AS. Kredittilsynet gav
tilråding i saka. |
| - | Veddrar
AS, eit selskap heimehøyrande i Verdal kommune, klaga 8. juli 1994 over Finansdepartementet
sitt vedtak 17. juni 1994 om å gi UNI Storebrand dispensasjon til å eige Værdalsbruket
AS fram til 1. januar 2004. |
| - | Finansdepartementet
gav 18. mars 1997 løyve til at det danske AS Forsikringsselskapet Codan skipar
dotterselskapet Fokus Livsforsikring AS. Kreditttilsynet gav tilråding i saka.
Samstundes godkjende departementet eit samarbeid mellom Codan og Fokus Bank mellom
anna om distribusjon av forsikringsprodukta til Fokus Livsforsikring gjennom
Fokus Bank sine filialar. |
| - | Styra
i Storebrand og Kreditkassen la 1. april 1997 fram eit forslag til fusjonsplan
der eit selskap i Storebrandkonsernet skulle vere det overtakande selskap i fusjon
med morselskapet i Kreditkassekonsernet. |
| - | Kredittilsynet
gjorde 30. mai 1997 vedtak med heimel i finansieringserksemdslova § 2-6 første
ledd bokstav b om at aksjeeigarane Ivory Enterprise Corp, Ivory AS, Kjell Inge
Røkke og Aker RGI ASA skulle sjåast på som ei gruppe ved bruk av eigar- og stemmerettsgrensene
i høve til reglane i finansieringsverksemdslova § 2-2 og § 2-4. Storebrand ASA
vart med heimel i kredittilsynslova § 4 nr. 9 pålagd ikkje å godkjenne aksjekjøp
i strid med vedtaket. |
| - | Finansdepartementet
godkjende 11. mars 1997 samanslutninga av Eiker Sparebank og Drammensbanken
Skoger Sparebank til Sparebanken Eiker Drammen i medhald av sparebanklova § 47,
jf. § 5 og finansieringsverksemdslova § 2a-7 andre ledd. |
| - | Finansdepartementet
gav 18. mars 1997 det sveitsiske selskapet Zürich Insurance Company (Zürich)
løyve til å kjøpe Protector Forsikring ASA. |
| - | Finansdepartementet
gav 10. mai 1997 Landsbanken og Samvirkegruppen løyve til å skipe eit finanskonsern
i medhald av reglane om finanskonsern i finansieringsverksemdslova kap. 2a. |
| - | Finansdepartementet
godkjende 22. juli 1997 at Rutebileiernes Forsikringsselskap Gjensidige vart
omdanna til aksjeselskap, og at alle aksjane i selskapet vart overtekne av Trygg
Hansa Försäkring AB. |
| - | Finansdepartementet
avslo 25. juli 1997 klage over Kredittilsynet sitt vedtak om ikkje å gi K-Fondene
AS samtykke til å gjere verdipapirhandlar og yte rådgivingstenester for Christiania
SICAV. K-Fondene er eit norsk forvaltningsselskap for verdipapirfond og Christiania
SICAV (société d'investissement à capital variable) er eit luxembourgsk
investeringsselskap inndelt i underfond. |
| - | Finansdepartementet
gav 29. august 1997 løyve til seks søkjarar om at dei kan opprette livsforsikringsselskap
som skal tilby livsforsikring med investeringsval (unit linked) i medhald av
nye reglar fastsette 20. desember 1996, jf. omtale i pkt. 2.1. Kredittilsynet
gav tilråding i saka. Desse selskapa fekk slikt løyve: |
| - | David
Livsforsikring AS/Sparebankgruppen AS |
| - | Den
norske Bank ASA/Vital Forsikring ASA |
| - | Landsbanken-Samvirkegruppen
AS |
| - | Christiania
Forsikring AS (Kreditkassekonsernet) |
| - | Gjensidige
Livsforsikring |
| - | Finansdepartementet
godkjende 12. september 1997 delt eigarskap mellom bilimportfirmaet Møller
Bil AS og finansieringsselskapet Finans Skandic AB av bilfinansieringsselskapet
Møller Bilfinans AS. |
2.2.2 Merknader frå komiteen
Komiteen tek til orientering det som
står i meldinga om viktige forvaltningssaker på finansmarknadsområdet i
1996.
Komiteen har elles ingen merknader.
Sist oppdatert 8. nov 2005 av Stortingets administrasjon