|
Frå representantane Karin Andersen og Kirsti Saxi ligg det føre slikt framlegg:
| « Stortinget ber Regjeringen legge fram for Stortinget en plan for å sikre nok praksisplassar for å nå målene om økt utdanningskapasitet for sjukepleiere og annet helsepersonell. » |
Kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen ber om departementet sine kommentarar til framlegget når det gjeld omfanget av dei skisserte problema og kva for tiltak/planar departementet har på området.
Departementet vil om kort tid leggje fram ei dimensjoneringsmelding for Stortinget, der ein vurderer opptakskapasiteten for ei rekkje profesjonsutdanningar i høgre utdanning, m.a sjukepleiarutdanninga og andre helsefagutdanningar. Stortinget vil då få eit godt grunnlag for å ta stilling til om opptakskapasiteten bør aukast, eventuelt for kva type utdanningar og i kor stor grad.
For helsefagutdanningene kan mangel på praksisplassar vera ein avgjerande faktor dersom ein kjem til at ein vil auke opptakskapasiteten. Nokre utdanningsinstitusjonar har alt vanskar med å oppretthalde talet på praksisplassar. På den andre sida viste søknadene om tildeling av nye studieplassar i sjukepleiar- og vernepleiarutdanning som er oppretta på budsjettet for 1998, at fleire høgskolar vil auke opptaket ytterlegare, i sær med desentraliserte opplegg.
Sosial- og helsedepartementet (SHD) vil innafor ramma av handlingsplanen for helse- og omsorgspersonell arbeide for å sikre nok praksisplassar både i høgre utdanning og i vidaregåande opplæring. Ved iverksetjing av handlingsplanen vil SHD gi økonomisk støtte til opplæringstiltak i kommunar og fylkeskommunar overfor ufaglærte og personell med vidaregåande opplæring. I den samanhengen kan SHD gå i dialog med dei lokale styremaktene og gjere greie for behov for praksis- og lærlingeplassar og det ansvaret som kviler på kommunar og fylkeskommunar for å skaffe til veie slike plassar. Handlingsplanen har og tiltak for å auke kapasiteten i desentralisert sjukepleiarutdanning på deltid.
Som komiteen vil vere kjent med er det sett ned eit breitt samansett utval for m.a å vurdere korleis praksisundervisninga i sjukepleiarutdanninga kan styrkast. Etter planen vil tilråding liggje føre innan utgangen av dette året. Vi vonar at dei tiltaka dette utvalet gjer framlegg om, og kan vere tenlege for dei andre helsefagutdanningane.