Lenke til Stortingets hovedside  

Innst.S.nr.3 (1998-1999)
Innstilling frå kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen om visse endringar i tilskotsordninga for skolar som får statstilskot etter lov om tilskot til private grunnskular og private skular som gjev vidaregåande opplæring.


oversikt første forrige neste

Samandrag

       Departementet gjer framlegg om endringar i utrekninga av tilskot til private grunnskular, jf. NOU 1997:16 og B.innst.S.nr.12 (1997-1998). Prinsippet om at tilskota til private skular som har parallellar i offentleg skule, skal reknast ut på grunnlag av kostnadene i offentleg skule står ved lag. Etter framlegget skal tilskota til private grunnskular bli fastsette på grunnlag av ein statistisk samanheng mellom kostnader og elevtall i offentlege skular, og ikkje som i dag etter ein trappetrinnsmodell.

       Departementet sitt framlegg fører til ei omfordeling frå skular med lågt elevtall til skular med høgare elevtall. Det vil likevel vere slik at små skular får høgare tilskot pr. elev enn store skular. Norske grunnskular i utlandet vil ikkje lenger få tilskot etter ein timesats, men etter same utrekningsmåten som gjeld for dei private grunnskulane i Noreg.

       Etter framlegget får private vidaregåande skular tilskot etter fastsett sats i samsvar med den studieretninga skulen er godkjend for. For toppidrettsgymnasa legg departementet opp til ei eiga tilskotsordning for den særskilte toppidrettsdelen av tilbodet. Samla tilskot til toppidrettsgymnasa vert difor på same nivå som før omlegginga. Det blir fastsett maksimalt samla elevtal som kan løyse ut det særskilde toppidrettstilskotet. Det nye tilskotsystemet gir lågare minimumstilskot til bibelskulane.

       Privatskulelova har i dag ikkje reglar som regulerer bruken av skulepengane. Departementet går inn for at det skal bli eit lovfest krav at inntekter frå eigenbetaling skal kome elevane til gode. Etter framlegget blir det høve til å setje av ein sum til eit investeringsfond som svarar til skulepengane, og til å føre over inntil 10 % av statstilskotet frå eit rekneskapsår til eit anna.

       Departementet tek sikte på å setje i verk endringane i tilskotsystemet og omfordelinga mellom skulane frå 1999. Samla auka løyvingsbehov på årsbasis blir 26,2  mill. kroner samanlikna med den ordninga som gjeld no. I tillegg kjem overgangsutgifter på 4,6 mill. kroner i 1999.



oversikt første neste


Sist oppdatert 8. nov 2005 av Stortingets administrasjon