Lenke til Stortingets hovedside  

Innst.S.nr.14 (1998-1999)
Innstilling fra næringskomiteen om dei fiskeriavtalene Noreg har inngått med andre land for 1998 og fisket etter avtalene i 1996 og 1997.


oversikt første forrige neste

Sammendrag

       I meldinga blir det gitt ein omtale av kvoteavtalane for 1998 og dei kontrolltiltaka som er sette i verk i Noregs økonomiske sone (NØS) for å kontrollere norsk og uteanlandsk fiske på dei tildelte kvotane. Det blir gjort greie for nokre tiltak som er iverksette mot fiske i strid med etablerte forvaltningsregime i internasjonale område i Nordaust-Atlanteren. Elles blir ikkje uregulert fiske i internasjonale havområde omtalt særskilt. Meldinga viser òg i kva grad Noreg og dei partane som får tildelt kvotar har utnytta desse kvotane i 1996 og 1997 og om kva slags fartøygrupper som fiskar på dei kvotane Noreg har i andre land sine soner.

       Dei norske fartøya har nytta kvotene på fellesbestandane torsk og hyse nord om 62° N fullt ut i 1996, men det gjensto kvantum av torsk i 1997. I tillegg til Noregs ordinære kvotar på torsk og hyse nord om 62° N, har norske reiarlag kjøpt kvotar på desse artane frå Russland i både 1996 og 1997. Når det gjeld utenlandsk utnytting av kvotar er det eit generelt trekk at kvotane av torsk og hyse nord om 62° N er godt utnytta av dei landa som har kvoterettar i området.

       Totalkvoten for torsk i Barentshavet er redusert frå 850.000 tonn i 1997 til 654.000 tonn i 1998, grunna utviklingen i den norsk-arktiske torskebestanden.

       Noreg og EU blei i 1997 samde om eit nytt forvaltningsregime for nordsjøsild, som gjev Noreg ein fast andel på 29 % av sildekvoten. Den nye sildeavtala tok til å gjelde frå og med 1. januar 1998.

       Bestandsituasjonen i Nordsjøen har ført til at Noreg og EU har forplikta seg til å vidareføre fleirårige forvaltningsstrategier for å byggje opp att bestandane av sild, makrell og raudspette. Arbeidet med utkastproblema er gitt særleg prioritet.



oversikt første neste


Sist oppdatert 8. nov 2005 av Stortingets administrasjon