Lenke til Stortingets hovedside  

Innst.S.nr.42 (1998-1999)
Innstilling frå finanskomiteen om fullmakt til å stille statsgaranti for Noregs Banks garanti overfor Den internasjonale oppgjersbanken for lån til Brasil.


oversikt første forrige neste

Merknader frå komiteen

       Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Dag Terje Andersen, Berit Brørby, Erik Dalheim, Ranveig Frøiland, Trond Giske, Tore Nordtun og Hill-Marta Solberg, frå Framstegspartiet, Siv Jensen, Per Erik Monsen og Kenneth Svendsen, frå Høgre, Børge Brende, Per-Kristian Foss og Kjellaug Nakkim, fra Kristeleg Folkeparti, Randi Karlstrøm, lederen Lars Gunnar Lie og Ingebrigt S Sørfonn, frå Senterpartiet, Jørgen Holte, frå Sosialistisk Venstreparti, Øystein Djupedal, frå Venstre, Terje Johansen, og frå Tverrpolitisk Folkevalgte, Steinar Bastesen, viser til at handsaming av ustabilitet i det internasjonale finansielle systemet er eit felles internasjonalt ansvar, og at det òg er viktig for norsk økonomi at det internasjonale samfunnet set i verk tiltak for å minke ustabiliteten.

       Komiteen sluttar seg til framlegget frå Regjeringa om å stille statsgaranti med opptil 50 mill. amerikanske dollar for Noregs Banks garanti overfor BIS, for lån til Brasil.



oversikt første neste


Sist oppdatert 8. nov 2005 av Stortingets administrasjon