|
Etter ein gjennomgang av Rikstrygdeverket sine utbetalingar av adopsjonsstønad tidlegare i år, kom det fram at til saman 6.060.000 kroner av løyvinga til adopsjonsstønad er blitt ført på feil kapittel.
Departementet gjer difor framlegg om at løyvinga på kap. 852 post 70 vert nedjustert med 6.060.000 kroner i 1998. Ein vil understreke at dette er reint rekneskapsmessig. Stønad til adopsjon frå utlandet vil halde fram på same nivå som før.