|
Statens institutt for forbruksforsking (SIFO) er frå 1. januar 1998 eit forvaltningsorgan med særskilde fullmakter og er sjølv ansvarleg for framtidig dekking av feriepenger.
I samsvar med statleg praksis vart det ikkje sett av feriepenger i 1997 for utbetaling i 1998. Året 1998 vil på grunn av omorganiseringa vere eit overgangsår der SIFO må dekkje feriepenger for 1998 og samtidig sette av midlar til opptente feriepengar som først kjem til utbetaling i 1999.
Barne- og familiedepartementet gjer difor framlegg om å auke løyvinga til SIFO med 1,65 mill. kroner med innsparing frå kap. 844 Kontantstønad post 21 Særskilde driftsutgifter med 1,6 mill. kroner og kap. 856 Barnehagar post 63 Tilskot til omstilling med 0,050 mill. kroner.