Lenke til Stortingets hovedside  

Innst.S.nr.52 (1998-1999)
Innstilling frå energi- og miljøkomiteen om endringar på statsbudsjettet for 1998 under kapitler administrert av Miljøverndepartementet.


oversikt første forrige neste

Kap. 1442 Vannmiljø-, avfalls- og spesialavfallstiltak

Post 70 Tilskot til kompetanseformidling og informasjon om miljøvenleg produksjon og forbruk

       Det blir gjort framlegg om å auke løyvinga med 7 mill. kroner.

Post 73 Verkeleggjering av garantiansvar for miljøvernlån

       Ordninga med å gi statlege garantiar for miljøvernlån vart avvikla frå og med 1997. Departementet har fullmakt til å oppretthalde tidlegare gjevne garantiar for miljøvernlån i Statens distrikts- og utviklingsfond og private bankar innanfor ei samla ramme på om lag 603 mill. kroner ved utgangen av 1997.

       Det er ikkje avsett løyving til å dekkje dei tapa som oppstår på denne typen garantiar. Departementet har likevel fullmakt til å utgiftsføre utan løyving dei tapa som staten er juridisk forplikta til å dekkje, jf. St.prp. nr. 1 (1997-1998). Føresetnaden er at ein så snart det er mogeleg gjer framlegg for Stortinget om løyving til å dekkje tapa. I tråd med dette blir det gjort framlegg om løyving i ettertid for utgiftsført beløp i perioden 01.01.98 t.o.m. 31.10.98, som utgjer 22,732 mill. kroner.



oversikt første neste


Sist oppdatert 8. nov 2005 av Stortingets administrasjon