Lenke til Stortingets hovedside  

Innst.S.nr.57 (1998-1999)
Innstilling frå samferdselskomiteen om tilleggsløyving på kap. 1066 Lostenesta og inndekking av inntektsbortfall på kap. 4067 Trafikksentralar i statsbudsjettet for 1998.


oversikt første forrige neste

Kap. 1067/4067 Trafikksentralar

Samandrag

       Som følgje av utsett oppstart av trafikksentral Oslofjorden vil det ikkje bli inntekter i 1998 på kap. 4067 Trafikksentralar post 04 Sikkerhetsavgift trafikksentral Oslofjorden.

       Det vert fremma forslag om at løyvinga i 1998 på post 04 blir sett ned til null mot at løyvinga på kap. 1067 Trafikksentralar postane 01 Driftsutgifter og 21 Spesielle driftsutgifter vert sette ned tilsvarande inneverande år.

Merknader frå komiteen

       Komiteen registrerer at trafikksentralen i Oslofjorden som var planlagd å skulle vere operativ medio 1998, ikkje kjem i drift før frå 1. januar 1999. Som følgje av dette, vil det bli endringar både på utgifts- og inntektsbudsjettet for trafikksentralane.

       Komiteen støttar dei foreslåtte endringane i statsbudsjettet for 1998.



oversikt første neste


Sist oppdatert 8. nov 2005 av Stortingets administrasjon