Lenke til Stortingets hovedside  

Innst.S.nr.60 (1998-1999)
Innstilling fra næringskomiteen om endringar av løyvingar på statsbudsjettet for 1998 under Nærings- og handelsdepartementet.


oversikt første forrige neste

Sammendrag

       I proposisjonen legg Nærings- og handelsdepartementet fram ein del ulike endringsforslag på statsbudsjettet for 1998.

Kap. 920 Noregs forskingsråd

       Stortinget har gjennom fleire år ved handsaming av statsbudsjettet gitt Nærings- og handelsdepartementet særskild fullmakt til å gi tilsegn til Institutt for energiteknikk (IFE) om dekking av forsikringsansvar for inntil 60 mill. Special Drawing Rights (SDR) ovanfor tredjeperson ved uhell ved instituttet sine atomreaktorar.

       Regjeringa gjer framlegg om å utvide fullmakta for 1998 til også å gjelde Kombinert lager/deponi for lågt og middels radioaktivt avfall i Himdalen (KLDRA Himdalen) og førebels lagring av atomavfall ved IFE sitt anlegg på Kjeller som skal transporterast til KLDRA Himdalen.

       Den utvida fullmakta for 1998 er innanfor same beløpsgrense som tidlegare (60 mill. SDR) og i samsvar med atomenergilova, jf. Forslag til vedtak II i denne proposisjonen.

Kap. 923 Forskings- og utviklingskontraktar

       Departementet gjer framlegg om ein reduksjon på 5,7 mill. kroner som inndekking av tilsvarande auka løyving under kap. 2420 Statens nærings- og distriktsutviklingsfond, post 51.

Kap. 955 (Nytt) Norsk Koksverk

       Nærings- og handelsdepartementet gjer framlegg om ei løyving på 30 mill. kroner som refusjon for utførte miljøtiltak på statsbudsjettet 1998 under nytt kap. 955 Norsk Koksverk, post 71 Refusjon for miljøtiltak.

       Nærings- og handelsdepartementet gjer framlegg om å auke garantiramma for miljøtiltak på Koksverktomta med ytterlegare inntil 40 mill. kroner til 220 mill. kroner.

Kap. 966 Støtte til skipsbygging

       Nærings- og handelsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga under kap. 966 Støtte til skipsbygging, post 50 Overføring til fond for støtte ved skipskontraktar, med 1.400 mill. kroner, frå 515 til 1.915 mill. kroner på statsbudsjettet for 1998.

Kap. 2420 Statens nærings- og distriktsutviklingsfond

       Nærings- og handelsdepartementet gjer framlegg om at løyvinga under kap. 2420 Statens nærings- og distriktsutviklingsfond, post 51 Tapsfond for lån innvilga i budsjetterminen, blir auka med 5,7 mill. kroner frå 53 til 58,7 mill. kroner.

       Samanlikna med vedtatt budsjett for 1998 gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å redusere løyvinga til innlån til SND si grunnfinansieringsordning under kap. 2420, post 90, med 100 mill. kroner, frå 26,3 til 26,2 mrd. kroner. Det vert gjort framlegg om at innlån til SND si risikolåneordning under kap. 2420, post 91, vert redusert med 150 mill. kroner, frå 5,7 til 5,55 mrd. kroner. Vidare vert det gjort framlegg om at innlån til SND si lågrisikolåneordning under kap. 2420, post 94, vert redusert med 420 mill. kroner, frå 700 til 280 mill. kroner. Årsaka til dette er at det tok lang tid frå tilsegn vart inngått til utlånsvolumet for lågrisikolåneordninga tok seg opp.

Kap. 3967 (Nytt) Norsk Jetmotor a.s.

       Nærings- og handelsdepartementet gjer framlegg om ei inntektsløyving på 140,8 mill. kroner på statsbudsjettet 1998 knytt til salet av staten sin aksjepost i Norsk Jetmotor a.s. Det vert gjort framlegg om at løyvinga vert fordelt med 103,3 mill. kroner under nytt kap. 3967 Norsk Jetmotor a.s, post 90 Sal av aksjar og 37,5 mill. kroner under post 91 Tilbakebetaling av ansvarleg lån.

Kap. 5309 Tilfeldige inntekter

       Nærings- og handelsdepartementet gjer framlegg om å stryke dei tidlegare oppførte inntektene frå aksjesal i selskapet på statsbudsjettet 1998 ved å redusere løyvingane under kap. 5309 Tilfeldige inntekter, post 80 Gevinst ved sal av aksjar i Norsk Vekst ASA, med 318,4 mill. kroner til 0kroner og post 90 Sal av aksjar, med 1,6 mill. kroner til kr 0.

Kap. 5320 Statens nærings- og distriktsutviklingsfond

       Nærings- og handelsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga til avdrag frå SND si grunnfinansieringsordning under kap. 5320, post 90 med 200 mill. kroner, frå 26,7 til 36,9 mrd. kroner. Avdrag frå SND si risikolåneordning under kap. 5320, post 91 foreslås redusert med 147 mill. kroner, frå 5750 til 5.603 mill. kroner. Vidare vert det gjort framlegg om at avdrag frå SND si lågrisikolåneordning under kap. 5320, post 92 vert redusert med 235 mill. kroner, frå 400 til 165 mill. kroner.

Kap. 5620 Renter og utbytte frå Statens nærings- og distriktsutviklingsfond

       Nærings- og handelsdepartementet gjer framlegg om at renteinntekta frå innlån til grunnfinansieringsordninga løyvd under kap. 5620, post 80 blir auka med 70 mill. kroner, frå 330 til 400 mill. kroner. Det vert gjort framlegg om at renteinntekta frå innlån til risikolåneordninga under kap. 5620, post 81 vert auka med 3 mill. kroner, frå 50 til 53 mill. kroner. Vidare vert det gjort framlegg om at renteinntekta frå lågrisikolåneordninga under kap. 5620, post 82 vert redusert med 5,1 mill. kroner, frå 8,6 til 3,5 mill. kroner.

Overdraging av tomteareal m.m. frå Sydvaranger ASA til Sør-Varanger kommune

       Nærings- og handelsdepartementet går inn for at tomteareala og Savio-bileta som Sydvaranger ASA eig, kan overdragast til Sør-Varanger kommune innan utgangen av 1998. Oppgjeret for overdraginga vil finne stad i løpet av 1999.



oversikt første neste


Sist oppdatert 8. nov 2005 av Stortingets administrasjon