|
Regjeringa gjev i meldinga eit oversyn over norsk eksport av våpen, ammunisjon og anna militært materiell for året 1997, basert på innrapportering frå eksportørane.
Det vert synt til at eksportkontrollen for forsvarsmateriell vert utøvd med utgangspunkt i ei nasjonal vareliste (Liste I). Dei såkalla fleirbruksvarene, dvs. produkt som er sivile, men som også kan brukast militært, går fram av Liste II. Sistnemnde er basert på kontrollistene som vert utarbeidde i dei multilaterale eksportkontrollregima. Berre produkt på Liste I (forsvarsmateriell) er omfatta av tabellane i meldinga.
Det vert vidare synt til at norske eksportørar sidan 1. januar 1996 har vore pålagde å rapportere om eksport av forsvarsmateriell basert på innvilga eksportlisensar og løyve til å utføre tenester knytte til militært materiell som er omtala i Liste I. Oversyna i meldinga er baserte på oppgåver frå bedriftene om faktisk eksport, dvs. fakturerte sal i 1997 av forsvarsmateriell og tenester i tilknyting til slike varer. Utførsle av varer for demonstrasjon eller reparasjon, dvs. mellombels utførsle av varer som seinare skal gjeninnførast til Noreg, er ikkje med i tabellane. Det er òg gjeve eit oversyn over tenester som er utførte for utanlandske oppdragsgjevarar og over reparasjonar som er utførte for utanlandske eigarar etter løyve frå Utanriksdepartementet.
Det vert opplyst at den samla verdien av eksport av forsvarsmateriell, tilknytte tenester og reparasjonar av tidlegare levert forsvarsmateriell som er utførte i Noreg for utanlandske oppdragsgjevarar, var i 1997 1.115.096.000 kroner. I alt 25 bedrifter har rapportert om utførsle. Innrapporteringane er kontrollerte mot tildelte lisensar.
I 1996 eksporterte 32 bedrifter forsvarsmateriell eller utførte tenester for utanlandske oppdragsgjevarar for til samen 1.001.409.000 kroner.
Det går fram av tabellane i meldinga at NATO-landa og dei nordiske landa var dei største mottakarane av kategori A-materiell (våpen og ammunisjon) frå Noreg. I tillegg har Austerrike, Australia, Chile, Japan, Kuwait og Sveits teke imot slikt materiell. NATO-medlemslanda og dei nordiske landa er også dei største mottakarane av kategori B-materiell (anna militært materiell) i 1997. I tillegg er slikt materiell levert til Dei sameinte arabiske emirata, Egypt, Qatar, Singapore, Slovakia, Saudi-Arabia og Den tsjekkiske republikken.
Det statistiske materialet om norsk eksport av forsvarsmateriell er framstilt i seks tabellar (jf. kapittel 7). Desse tabellane omfattar:
| - | Tabell 1: Oversyn over mottakarland etter varegruppene i Liste I. |
| - | Tabell 2: Eksport av forsvarsmateriell fordelt på varegruppene i Liste I. |
| - | Tabell 3: Eksport av forsvarsmateriell fordelt på land. |
| - | Tabell 4: Eksport av forsvarsmateriell fordelt på regionar. |
| - | Tabell 5: Tenesteytingar for utanlandske oppdragsgjevarar. |
| - | Tabell 6: Oversyn over reparasjonar av forsvarsmateriell utførte i Noreg for utanlandske oppdragsgjevarar. |
Meldinga gjev eit oversyn over lovgrunnlaget, forskriftene og varelistene som ligg til grunn for måten Utanriksdepartementet utøver eksportkontrollen på, med utgangspunkt i regjeringsfråsegn og stortingsvedtak frå 11. mars 1959.
Det er utarbeidd eigne retningsliner for korleis Utanriksdepartementet skal handsame søknader om eksport av våpen og anna militært materiell, og meldinga gjev ein omtale av praktiseringa av desse.
Det vert i meldinga gjort greie for den generelle stillinga til forsvarsindustrien, mellom anna internasjonalt samarbeid om nyutvikling av forsvarsmateriell og eksportvilkår for produkt med fleirnasjonal identitet. Det vert teke inn eit nytt kapittel IV i retningslinjene for å avklara handsaminga av fleirnasjonale produkt.
Meldinga gjer greie for det nære samarbeidet Utanriksdepartementet har med andre etatar om eksportkontrollspørsmåla, mellom desse Forsvarsdepartementet, Nærings- og handelsdepartementet, Tollvesenet, Politiets overvakingsteneste og Forsvarets forskingsinstitutt.
Meldinga omtalar også relevante FN-vedtak, FN-registeret for konvensjonelle våpenoverføringar og arbeidet for å hindre spreiing og ulovleg omsetnad av handvåpen.
Det vert opplyst at tabellane som er tekne med i meldinga, vil bli omsette til engelsk og omdelte i FN og andre relevante internasjonale fora som eit norsk bidrag til større innsyn i våpenhandelen.
Det vert synt til at Noreg deltek i fleire internasjonale samarbeidsregime om ikkje-spreiing og eksportkontrollspørsmål som har utvikla seg til å bli stadig viktiga-re instrument i arbeidet for å hindre ukontrollert eller uønskt spreiing av våpen. Meldinga gjev eit oversyn over det internasjonale samarbeidet om eksportkontroll og ikkje-spreiing, og tek mellom anna føre seg dei internasjonale eksportkontrollregima som Noreg er medlem i.
I tillegg til samarbeidet i eksportkontrollregima, har ein omfattande kontaktar og samarbeid på bilateralt plan, både i nordisk samanheng og med EU-land, i form av samanlikning, samordning og gjensidig påverknad innanfor eksportkontrollen. Til dømes har EU innført våpenembargo overfor ei rekkje land, som også Noreg har slutta seg til og/eller praktiserar i sin nasjonale eksportkontroll.
Det vert opplyst at det i samband med utøving av eksportkontrollen vert drive eit utstrekt informasjonsarbeid. Utanriksdepartementet gjev kvart år ut ei melding til eksportørane og ein del andre publikasjonar av informativ karakter. Meldinga inneheld eit oversyn over regelverket òg ei rettleiing til eksportørane. Informasjon om eksportkontroll er óg tilgjengeleg på Utanriksdepartementet sine Internett-sider. Det vert med jamne mellomrom halde seminar for aktuelle eksportbedrifter og institusjonar.