Lenke til Stortingets hovedside  

Innst.S.nr.91 (1998-1999)
Innstilling frå samferdselskomiteen om forslag frå stortingsrepresentant Steinar Bastesen om endring i forskrift om plikt til å bruke los i norske farvatn og farleisbevis.


oversikt første forrige neste

Samandrag

       I Dok.nr.8:19 (1998-1999) fremjer representanten Steinar Bastesen følgjande forslag:

       « Stortinget ber Regjeringen om å endre forskrift om plikt til å bruke los i norske farvann og farledsbevis § 7 punkt 6 slik at navigatører som seiler med farledsbevis i lospliktige farvann skal kunne gjøre seg forstått på norsk eller skandinavisk. »

       Som bakgrunn for forslaget vert det vist til at i dag er det sett likskapsteikn mellom skandinavisk språk og engelsk når navigatørar seglar på norskekysten i farvatn der det er losplikt. Norge er sannsynlegvis det einaste landet i verda der navigatørane ikkje må kunne gjere seg forstått på det nasjonale språket.

       I tronge og/eller kompliserte farvatn oppstår det ofte akutte møtesituasjonar som kan avklarast på VHF. Det er framleis naturleg for norske sjømenn å bruke sitt nasjonale språk når dei ferdast på kysten, dei fleste menneske slår automatisk over på sitt morsmål i akutte situasjonar. På bakgrunn av dette er forslagsstillaren av den oppfatning at tryggleiken best kan takast i vare om dei som seglar på norskekysten kan kommunisere på norsk eller skandinavisk.



oversikt første neste


Sist oppdatert 8. nov 2005 av Stortingets administrasjon