Lenke til Stortingets hovedside  

Innst.S.nr.114 (1998-1999)
Innstilling fra finanskomiteen om samtykke til å sette i kraft en skatteavtale mellom Norge og Albania, underskrevet i Oslo den 14. oktober 1998.


oversikt første forrige neste

Sammendrag

       Etter oppmoding frå albanske styresmakter tok Noreg og Albania i 1994 opp forhandlingar om å inngå ein avtale om å hindre dobbel skattlegging. Etter første forhandlingsrunde i Tirana blei eit utkast til avtale parafert den 9. august 1996.

       Den 14. oktober 1998 blei det i Oslo underskrive ein avtale med formål å hindre dobbel skattlegging og å førebyggje unndraging av skattar av inntekt og formue mellom Noreg og Albania. Samtykke til underskriving blei gitt i kongeleg resolusjon av 11. september 1998. Avtalen blei på vegner av Noreg underskriven av utanriksminister Knut Vollebæk, og på vegner av Albania av utanriksminister Paskal Milos.

       Avtalen vil tre i kraft på den dagen da begge statar har gitt kvarandre melding om at nødvendige skritt er tekne for at avtalen kan tre i kraft. Avtalen vil få verknad for skattar av inntekt og formue som vedkjem det kalenderåret som følgjer etter det året avtalen trer i kraft.

       Avtalen byggjer i store trekk på mønsteret for tosidige avtalar som blei utarbeidd av OECD i 1963, og seinare revidert i 1977 og seinast i 1995. På grunn av skilnadene mellom økonomiane i Noreg og Albania, er det på nokre punkt også teke omsyn til det mønsterutkastet som er utarbeidd i FN for skatteavtalar mellom industrialiserte land og utviklingsland. Avtalen inneheld likevel nokre avvik frå desse mønsteravtalane. Mellom anna har avtalen reglar om verksemd og arbeid utanfor kysten, tilsvarande slike som finst i dei fleste skatteavtalane som Noreg har inngått dei siste åra.

       Nokre av reglane avvik frå det som tidlegare har vore vanleg i dei norske skatteavtalane. Den viktigaste av dei er regelen om metoden for å unngå dobbel skattlegging. Tidlegare har Noreg som hovudregel nytta fordelingsmetoden. Etter denne metoden unngår ein dobbel skattlegging ved at inntekter som etter reglane i avtalen kan skattleggjast i den andre staten, ikkje blir skattlagde i Noreg. På bakgrunn av skattereformen ønskjer Noreg no å nytte godskrivingsmetoden (kreditormetoden) for å unngå dobbel skattlegging. Etter denne metoden kan Noreg skattleggje heile inntekta til personar busette i Noreg, men må gje frådrag i den utlikna skatten med eit beløp som svarar til den skatten som er betalt i Albania.

       Avtalen er inngått på engelsk. Den engelske teksten og ei norsk omsetjing følgjer som vedlegg til proposisjonen.

       Merknader til dei einskilde artiklane går fram av kap. 3 i proposisjonen.



oversikt første neste


Sist oppdatert 8. nov 2005 av Stortingets administrasjon