Lenke til Stortingets hovedside  

Innst.S.nr.115 (1998-1999)
Innstilling frå næringskomiteen om støtta til skipsbyggingsindustrien.


oversikt første forrige neste

Sammendrag

       Nærings- og handelsdepartementet legg i proposisjonen fram forslag om å auke satsane for byggetilskot til skipsbyggingsindustrien.

       Støttesatsane er i dag 7 % for nybygg med ein verdi over 10 mill. euro og 3,5 % for andre kontraktar, inkl. ombygging. Gjennom EØS-avtalen har vi det same regelverk som EU for støtte til skipsbygging. Dei tillate maksimalsatsar er i dette regelverket 9 og 4,5 %. Noreg hadde desse satsane til dei vart redusert frå 1998 av.

       Skipsbyggingsindustrien er, etter fleire gode år, i ferd med å komme i ein vanskeleg situasjon på grunn av svak ordreinngang det siste året. Ordreinngangen har dei seinare åra vore:

          mrd kroner
1992 1993 1994 1995 1996 1997
2,3 7,2 10,6 6,1 10,0 20,0


       Rundt halvparten av verfta vil ha sin siste leveranse i løpet av året. Enkelte verft har allereie permittert delar av arbeidsstokken.

       Skipsbyggingsindustrien er ei viktig næring i mange lokalsamfunn og ein viktig del av den maritime klynga. Det kan derfor få store konsekvensar, ikkje berre på eit lokalt plan, men òg for dei maritime næringane i det heile, dersom verfta ikkje greier å få inn nye ordrar.

       Regjeringa vil understreka at det først og fremst er skipsbyggingsindustrien sjølv som har hovudansvaret for å sikra konkurranseevna til næringa gjennom tilstrekkeleg omstilling og omstrukturering. Regjeringa meiner likevel, for å medverke til at norske verft vert sikra oppdrag dei nærmaste åra, at støttesatsane bør aukast til 9 og 4,5 % for resten av 1999. Støttesatsane for år 2000 må vurderast i samband med statsbudsjettet for år 2000.

       Ein ordreinngang på 8 mrd. kroner vil krevje eit fond på rundt 750 mill. kroner. 1999-fondet på 507,5 mill. kroner må dermed aukast med om lag 250 mill. kroner. Nærings- og handelsdepartementet gjer merksam på at overslaget er uvisst. Ordreinngangen kan bli større. Då kan ein auke på 250 mill. kroner bli for liten.

       Fondet vil med støttesatsar på 9 og 4,5 %, dekke den anslåtte ordreinngangen på rundt 8 mrd. kroner. Vert ordreinngangen større, kan det bli naudsynt med tilleggsløyvingar.



oversikt første neste


Sist oppdatert 8. nov 2005 av Stortingets administrasjon