|
Forslagsstillarane syner i dokumentet til at det i utbyggingssaker heile tida er ei avveging mellom lokal utvikling og vern av miljøet og naturen. Det vert synt til at Stortinget våren 1997 handsama St.meld. nr. 29 (1996-1997) Om regional planlegging og arealpolitikk, der heile komiteen seier at
| « ... praktisering av nasjonale målsetjingar må ta omsyn til mangfaldet i Kommune-Norge og at problema og utfordringane er ulike i tettfolka kommunar, kommunar nær dei store folkekonsentrasjonane og kommunar med spreidd busetnad lokaliserte i tuntfolka regionar ». |
Forslagsstillarane minner om at Kommunal- og regionaldepartementet skal ha som oppgåve å gjera ei fullstendig vurdering av alle vedtaka som vert fatta for å sjå på kva for distriktspolitiske konsekvensar vedtaka får, og at det difor også er viktig å sjå dette i samanheng med Miljøverndepartementet si rolle.
Det vert fremja følgjande framlegg:
« Regjeringen bes komme til Stortinget
med en gjennomgang av begrepet nasjonale interesser i utbyggingssaker med
sikte på å få en klarere definisjon som også tar hensyn til lokaldemokrati
og distriktsutvikling i tynt befolkede områder. »