Lenke til Stortingets hovedside  

Innst.S.nr.144 (1998-1999)
Innstilling fra kommunalkomiteen om den 86. internasjonale arbeidskonferansen i Genève, 2.-18. juni 1998.


oversikt første forrige neste

1. Sammendrag

1.1 Innleiing

       Proposisjonen frå Kommunal- og regionaldepartementet omhandlar den 86. internasjonale arbeidskonferansen i Genève, 2.-18. juni 1998 og Noreg si stilling til rekommandasjon nr. 189 om jobbskaping i små og mellomstore bedrifter.

1.2 Arbeidskonferansen juni 1998

       Den 86. internasjonale arbeidskonferansen vart halden i Genève, 2.-18. juni 1998. Sakslista for konferansen, samansetjinga av den norske delegasjonen si fordeling på komiteane går fram av rapporten frå den norske statlege delegasjonen (vedlegg 1 i proposisjonen). Rapporten gir eit oversyn over handsaminga av sakene og dei vedtaka som vart gjorde.

       Konferansen lykkast ikkje å oppnå fleirtal for å vedta ein ny internasjonal konvensjon om kontraktørar. Arbeidskonferansen bad styret om å setje dette emnet opp på nytt att på ein komande konferanse, og seinast innan år 2002.

       Konferansen behandla for første gong utkastet til ein konvensjon og ein rekommandasjon om dette emnet, som vil bli ferdigbehandla på arbeidskonferansen i juni 1999.

       Konferansen vedtok ei prinsipperklæring om grunnleggjande prinsipp og rettar i arbeidslivet. Det vart samstundes vedteke ein oppfølgningsmekanisme for erklæringa. Erklæringa slår mellom anna fast at alle medlemslanda i ILO, også dei som ikkje har ratifisert ILOs grunnleggjande konvensjonar, har plikt til å respektere, fremme og setje i verk dei prinsippa som gjeld grunnleggjande rettar som er temaet for desse konvensjonane.

       Resolusjonskomiteen vedtok ein resolusjon om « ungdom og sysselsetjing. »

       Det vart i år halde ein særskild sesjon om stoda for arbeidstakarane i dei okkuperte arabiske områda. Til grunn for debatten låg føre ein rapport utarbeidd av Arbeidsbyrået. Det vart ikkje gjort noko vedtak i saka.

       I Komiteen for gjennomføring av konvensjonar og rekommandasjonar vart Myanmar (Burma) sterkt kritisert i komitérapporten for alvorlege manglande oppfylling av sine plikter etter konvensjon nr. 87 om foreiningsfridom og vern av organisasjonsretten av 1948. Landet vart og ført opp under paragrafen om « alvorleg manglande gjennomføring gjennom fleire år » i komitérapporten for grove brot på denne konvensjonen.

       Sudan vart også sterkt kritisert i komitérapporten for grove brot på konvensjon nr. 29 om tvangsarbeid av 1930.

1.3 Framlegg for Stortinget av vedtak gjort på Arbeidskonferansen i juni 1998 - Rekommandasjon nr. 189 om jobbskaping i små og mellomstore bedrifter

       Til spørsmålet om norsk tiltreding av rekommandasjon nr. 189 om jobbskaping i små og mellomstore bedrifter er det i proposisjonen gjeve fråsegner frå Nærings- og handelsdepartementet, Statens nærings- og distriktsutviklingsfond, Næringslivets Hovedorganisasjon og Landsorganisasjonen i Norge, som alle gjev uttrykk for at rekommandasjon nr. 189 ikkje vil stille nye krav til norsk lovverk eller praksis for å oppfylle tilrådingane i rekommandasjonen.

       Den norske ILO-komiteen tilrår samrøystes at Noreg tiltrer rekommandasjonen. Komiteen uttrykker i denne samanhengen ønskje om at rekommandasjonen blir vidt spreidd med sikte på å gjere innhaldet så godt kjent som mogleg. Stortingsproposisjonen om små og mellomstore bedrifter og stortingshandsaminga vil vere ein viktig lekk i slik offentliggjering av ILO-rekommandasjonen.

       Kommunal- og regionaldepartementet tilrår at Noreg tiltrer rekommandasjon nr. 189 om generelle vilkår for å fremme jobbskaping i små og mellomstore bedrifter. Departementet gjer samstundes merksam på at ILO-rekommandasjonen er omtalt i Regjeringa sin handlingsplan for små bedrifter.



oversikt første neste


Sist oppdatert 8. nov 2005 av Stortingets administrasjon