Lenke til Stortingets hovedside  

Innst.S.nr.170 (1998-1999)
Innstilling frå justiskomiteen om forslag frå stortingsrepresentantane Jan Simonsen og Kristin Krohn Devold om tilleggsløyving til politibudsjettet for 1999 for å oppretthalde uendra driftsbudsjett i politidistrikta.


oversikt første forrige neste

1. Samandrag

       Stortingsrepresentantane Jan Simonsen og Kristin Krohn Devold har den 4. mars 1999 sett fram følgjande forslag:

       « På statsbudsjettet for 1999 gjøres følgende endringer:

Kap. 440 Politi- og lensmannsetaten
   01  Driftsutgifter,
        økes med kr 50.000.000
        fra kr 5.180.565.000 til kr 5.230.565.000
Kap. 551 Regional næringsutvikling i fylker og kommuner
   58  Regionale samordningstiltak, fond,
        reduseres med   kr 50.000.000
        fra kr 100.000.000 til kr 50.000.000. »


       I grunngjevinga for forslaget vert det vist til at under budsjetthandsaminga for 1999 vedtok Stortinget ei påplussing på 100 mill. kroner på politibudsjettet i høve til St.prp. nr. 1 (1998-1999). Frå Framstegspartiet og Høgre si side var det ein føresetnad at driftsnivået ved politikamra skulle oppretthaldast eller styrkast. Departementet har likevel redusert politiet sine variable driftsmidlar i mange distrikt, og for 1999 samla manglar det 50 mill. kroner for å oppretthalde driftsnivået.

       Framstegspartiet og Høgre har bede om at det innafor Justisdepartementet sitt budsjett vart omdisponert, slik at det vart mogleg å skaffe fram 25 mill. kroner for å oppretthalde aktivitetsnivået i 1. halvår. I svarbrev av 22. februar 1999 konkluderar justisministeren med at det ikkje er tilrådeleg å foreslå slike omdisponeringar. Det må difor etter forslagsstillarane si oppfatning gjerast naudsynte tilleggsløyvingar snarast mogleg for å unngå reduksjonar i politiet sitt arbeid. Løyvinga vert dekka inn ved at kap. 551 Regional næringsutvikling i fylke og kommunar vert redusert tilsvarande.



oversikt første neste


Sist oppdatert 8. nov 2005 av Stortingets administrasjon