Lenke til Stortingets hovedside  

Innst.S.nr.178 (1998-1999)
Innstilling frå sosialkomiteen om ansvar og meistring - Mot ein heilskapleg rehabiliteringspolitikk.


oversikt første forrige neste

8. Styring - statistikk og rapportering

8.1 Samandrag

       Det blir i meldinga peika på at statleg styring av rehabiliteringsverksemda i stor grad skjer gjennom rettleiande styringssignal og målformuleringar, og at denne forma for styring stiller høge krav til rapportering om den lokale verksemda til sentralforvaltninga, slik at rapporteringa kan gi grunnlag for eit samla oversyn over utviklinga av tenestetilbodet, og styrke det faglege tilsynet.

       Det blir uttala at det er fleire problem knytt til gjeldande statistikk, og at eit hovudproblem er mangelen på talmateriale over omfanget av tverretatlege tiltak som brukarane går igjennom. Rehabilitering som fagfelt består av forhold som er vanskelege å talfeste, og det synest vanskeleg å utvikle presise, einsarta og gyldige indikatorar for tenestetilbodet.

       Departementet ser det som vanskeleg å oppnå vesentlege betringar av statistikkjelder og rapporteringssystem på kort sikt, men vil i åra framover arbeide langsiktig og systematisk med sikte på å betre rapporteringa i forhold til måla på feltet. Departementet vil arbeide for å utvikle indikatorar for rehabilitering i kommunesektoren, og i tillegg vurdere utvalsundersøkingar med jamne mellomrom. Det vil bli vurdert om data om innsatsstyrt finansiering kan innlemmast i samdatarapporteringa, og i samarbeid med Statistisk sentralbyrå og Statens helsetilsyn vil departementet gjere endringar i årsstatistikken for kommunehelsetenesta for å betre registreringa av relevante personellgrupper og rehabiliteringsorientert verksemd.



oversikt første neste


Sist oppdatert 8. nov 2005 av Stortingets administrasjon