|
I samsvar med § 75 bokstav i i Grunnlova, legg departementet med dette fram for Stortinget ei liste over dei pensjonane som gjeld mellombels, og som ikkje blei reviderte av det førre Stortinget.
Heile summen av pensjonar som blei utbetalt i 1998 var på 23.576.464 kroner. Det er løyvd 32.025.000 kroner på kap. 1541, post 01 Pensjonar frå statskassa, på statsbudsjettet for 1999. For enkjer/enkjemenn gjeld pensjonen så lenge dei er ugifte.
Departementet nemner nokre saker særskild, jf. s. 1-4 i proposisjonen.