Lenke til Stortingets hovedside  

Innst.S.nr.239 (1998-1999)
Innstilling fra næringskomiteen om samtykke til godkjenning av EØS-komiteen sitt vedtak nr. 69/1999 av 28. mai 1999 om endring av Protokoll 31 til EØS-avtala om EFTA/EØS-landa si deltaking i EU-programmet PROMISE.


oversikt første forrige neste

Samandrag

       EU har funne det føremålstenleg å setje i verk eit program over fleire år (1998-2002) som tek sikte på å betre forståinga av informasjonssamfunnet og dei samfunnsmessige og økonomiske følgjene av dette. Programmet vert kalla « Promoting Information Society in Europe », forkorta til PROMISE.

       EØS-komiteen vedtok den 28. mai 1999 å endre Protokoll 31 til EØS-avtala, slik at samarbeidet mellom avtalepartane vert utvida til å omfatte PROMISE.

       Norsk deltaking i PROMISE vil gjere det naudsynt å løyve midlar i framtidige år. Då EØS-komiteen 28. mai 1999 tok avgjerda om å innlemme programmet i EØS-avtala, informerte Noreg difor dei andre avtalepartane om at forfatningsrettslege krav må vere stetta i Noreg før avgjerda kan verte bindande.

       Den norske delen av kostnadene til PROMISE-programmet vil for 1999 utgjere om lag 1,1 mill. kroner. I tillegg kjem utgifter til nasjonal oppfølging og til den nasjonale eksperten med om lag 1,1 mill. kroner i alt. Nærings- og handelsdepartementet har ansvaret for den norske deltakinga i programmet, og midlane vert dekte over budsjettet til dette departementet. Deltakinga i PROMISE får ikkje nemnande administrative konsekvensar.

       Etter Nærings- og handelsdepartementet sitt syn vil norsk deltaking i PROMISE-programmet i EU auke medvetet om informasjonssamfunnet blant innbyggjarar, verksemder og institusjonar i Noreg. Gjennom programmet vil små og mellomstore verksemder og institusjoner kunne få auka si forståing for dei utfordringar som er knytt til informasjonsteknologien og informasjonssamfunnet. Utanriksdepartementet er samd i dette.



oversikt første neste


Sist oppdatert 8. nov 2005 av Stortingets administrasjon