|
Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Bjarne Håkon Hanssen, Einar Johansen, Kjell Opseth, Torstein Rudihagen, Helga Rullestad og Rita Tveiten, frå Framstegspartiet, Øystein Hedstrøm og Terje Knudsen, frå Kristeleg Folkeparti, Modulf Aukan og Anita Apelthun Sæle, frå Høgre, Ansgar Gabrielsen og Ivar Kristiansen, frå Senterpartiet, leiaren Morten Lund, og frå Venstre, Leif Helge Kongshaug, viser til at det er gjennomført fleire undersøkingar av folk sine behov for informasjon om år 2000-problemet, og at det er avdekt eit stort behov for informasjon frå sentralt hald. Komiteen har også merka seg at attendemeldingar frå fylkesmenn og kommunar syner det same.
Komiteen har merka seg at Regjeringa ønskjer at Aksjon 2000 på vegne av Justisdepartementet skal ha ansvaret for å førebu og gjennomføre publikumsretta informasjonstiltak med hovudvekt på husstandsbrosjyre og støtte til regionale informasjonstiltak.
Komiteen er samd i at det er viktig
med nøktern og sakleg publikumsretta informasjon for å skape tryggleik hos
folk. Komiteen viser til at det er løyvd 55 mill. kroner til tiltak i regi
av Aksjon 2000 på statsbudsjettet for 1998 og 1999, men at mandatet til
Aksjon 2000 ikkje omfattar denne type publikumsretta informasjonstiltak og
at det derfor ikkje er avsett ressursar til slike tiltak.
Fleirtalet i komiteen, medlemene frå
Arbeidarpartiet, Framstegspartiet og Høgre, meiner at det burde vore teki
høgde for slike informasjonstiltak i mandatet og løyvingane til Aksjon 2000
tidlegare. Når det ikkje er gjort, støttar fleirtalet at det nå
tilleggsløyvast kr 5.000.000 til spesielle IT-tiltak på statsbudsjettet for
1999.
Medlemene i komiteen frå Kristeleg Folkeparti, Senterpartiet og Venstre støtter framlegget frå departementet om ei tilleggsløyving på kr 5.000.000 til spesielle IT-tiltak på statsbudsjettet for 1999.