|
I meldinga vert det vist til at Sametinget i årsmeldinga si peiker på fleire saker som har med rettane til samane å gjere. Regjeringa har ikkje grunnlag for å kommentere alle desse problemstillingane i Stortingsmeldinga. Det gjeld spesielt problemstillingar i samband med saksområde som det framleis blir arbeidd med, som m.a innstillinga frå Samerettsutvalet og arbeidet i reindriftslovkommisjonen.
Regjeringa ser det likevel som viktig at fjellovspørsmålet og det vidare utgreiingsarbeidet i Samerettsutvalet blir sett i samanheng. Regjeringa legg derfor til grunn at spørsmålet om varige forvaltningsmodellar blir klarlagde med å føre vidare utgreiinga frå Samerettsutvalet om Nordland, Troms og det sørsamiske området.
Regjeringa vil framleis arbeide for å styrkje Sametinget som den viktigaste aktøren i utviklinga av det samiske samfunnet. Regjeringa vil styrkje stillinga til Sametinget med å føre ein open dialog som skal gi Sametinget større innverknad på generelle samfunnsprosessar, og med at det blir overført avgjerdsmakt til Sametinget i saker som gjeld det samiske folket.
Frå 1. januar 2001 blir Sametinget delegert forvaltninga av tilskot til samiske barnehagar, og sekretariatet til Samisk utdanningsråd blir overført til Sametinget. Når Sametinget blir tildelt slik styringsmakt, er det viktig at departementa og Sametinget etablerer gode rutinar for samarbeid og fagleg dialog. Den todelte funksjonen til Sametinget som både folkevalt organ og forvaltningsorgan krev spesiell tilrettelegging og oppfølging. Sametinget som politisk organ er ikkje underordna departementa, og Sametinget - som politisk organ - kan ikkje instruerast eller kontrollerast av Regjeringa. Det er likevel viktig at departementa tek det faglege, økonomiske og administrative ansvaret.
Regjeringa legg vekt på å utvikle ein heilskapleg samepolitikk. Det kan ein få til først og fremst med å styrkje samordninga mellom departementa. Det vart i 1998 etablert nye rutinar og prosedyrar for behandling av samiske budsjettsaker. Dei nye rutinane rettar seg både mot samarbeidet med Sametinget, og mot arbeidet i departementa. Dei nye prosedyrane fastset at sektoransvarsprinsippet skal gjelde for arbeidet med samiske spørsmål. Kommunal- og regionaldepartementet har samordningsansvaret og kan ta initiativ andsynes fagdepartementa når det er forsvarleg. Fagdepartementa har ansvar for å ta initiativ og vidareføre samiske saker på sine politikkområde. Departementa har også det overordna fagansvaret på område der Sametinget har fått overført fullmakter/styringsrett.
Statssekretærutvalet for samiske spørsmål blir leidd av statssekretæren i Kommunal- og regionaldepartementet. Statssekretærutvalet drøfter spørsmål som er sentrale for politikkutviklinga på det samepolitiske området. Målsetjinga er å medverke til å leggje rammene for den samepolitiske profilen til Regjeringa for sektorområda til dei ulike departementa.
Samordningsutvalet for samiske spørsmål som vart lagt ned inn til vidare då Statssekretærutvalet vart etablert i januar 1998, vart etablert på nytt våren 1999. I utvalet er det med embetsmenn frå dei same ti departementa som Statssekretærutvalet. Kommunal- og regionaldepartementet leier utvalet. Samordningsutvalet skal førebu og følgje opp saker for Statssekretærutvalet for samiske spørsmål og elles drøfte og informere om aktuelle spørsmål som gjeld det samiske folket på ulike sektorområde.
Arbeidet i Kommunal- og regionaldepartementet på det samepolitiske området vart evaluert av Statskonsult i 1998. Rapporten legg vekt på kor viktig det er med god samordning på det samepolitiske feltet. Regjeringa vil framleis prioritere dette arbeidet.
Urfolks-, minoritets- og innvandringsavdelinga i Kommunal- og regionaldepartementet vart grunnlagd 1. januar 1999. Samepolitisk avdeling og Innvandringsavdelinga gjekk inn i den nye avdelinga. Heile omorganiseringa, medrekna det samepolitiske arbeidet i Kommunal- og regionaldepartementet, skal evaluerast i år 2000.
Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Kristelig Folkeparti, Høyre, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti, ser det som positivt at fjellovspørsmålet og det videre arbeidet i Samerettsutvalget ses i sammenheng. Det legges til grunn at varige forvaltningsmodeller blir klarlagt ved å videreføre Samerettsutvalgets utredninger om Nordland, Troms og Finmark.
Flertallet ser det som viktig å styrke Sametinget som den viktigste aktør i utviklingen av det samiske samfunn. I den forbindelse er det viktig at Sametinget fra 1. januar 2001 blir delegert forvaltningen av tilskudd til samiske barnehager og at sekretariatet til Samisk utdanningsråd overføres til Sametinget. Flertallet har merket seg at det arbeides for å etablere gode rutiner for samarbeid og faglig dialog mellom departementene og Sametinget. Det vises i forbindelse med det til evalueringen av det samepolitiske arbeidet i Kommunal- og regionaldepartementet som ble utarbeidet av Statskonsult i 1998 hvor viktigheten av samordning på det samepolitiske feltet fremheves.
Flertallet vil understreke at det er
viktig å utvikle en helhetlig samepolitikk. I den forbindelse er både
styrket samordning mellom departementene og gode rutiner for samarbeid
mellom departementene og Sametinget viktig. Flertallet har merket seg at
samordningsutvalget for samiske spørsmål ble reetablert våren 1999.
Utvalget skal forberede og følge opp saker for Statssekretærutvalget for
samiske spørsmål.
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet viser til Fremskrittspartiets prinsipielle standpunkt om at Sametinget bør nedlegges, jf Fremskrittspartiets merknader i Innst.S.nr.145 (1997-1998) til St.meld. nr. 41 (1996-1997) og tilleggsmelding St.meld. nr. 18 (1997-1998) Om norsk samepolitikk.
Disse medlemmer tar St.meld. nr. 48 (1998-1999) om Sametingets virksomhet i 1998 til orientering.
Disse medlemmer registrerer at det er et betydelig konfliktpotensiale til stede i Finnmark på bakgrunn av de samiske krav om selvbestemmelse og krav om rettigheter til land og vann i fylket.
Disse medlemmer mener derfor at Regjeringen klarere må gi til kjenne hvor langt de samiske krav bør få strekke seg i Finnmark.