|
Rådsdirektiv 97/80/EF om provtyngsle krev at medlemsstatane innfører rettsreglar om delt provtyngsle. Desse reglane skal nyttast i saker der personar meiner at dei har lidd urett fordi prinsippet om lik handsaming ikkje har blitt handheva i deira tilfelle. Delt provtyngsle inneber at om ein person (klagaren) meiner at han/ho er blitt utsett for skilnadshandsaming, må vedkommande som skal ha handsama ulikt (den innklaga), prove at skilnadshandsaminga ikkje har si årsak i kjønn. Om den innklaga ikkje maktar dette, skal domstolen leggje til grunn at ei eventuell påvist skilnadshandsaming har si årsak i kjønn.
Direktivet om provtyngsle uttrykkjer visse minimumskrav. Det hindrar ikkje medlemsstatane i å innføre reglar om provtyngsle som er gunstigare for klagaren enn reglane i direktivet.
Direktivet krev at reglane om delt provtyngsle gjeld i alle sivile saker eller forvaltingssaker som følgje av klage over tilhøve som er omfatta av direktivet.
Rådsdirektiv 98/52/EF gjeld utviding av førnemnde rådsdirektiv 97/80/EF om provtyngsle i samband med skilnadshandsaming på grunnlag av kjønn, til å omfatte Det sameinte kongerike Storbritannia og Nord-Irland.
Kravet om delt provtyngsle gjeld tilhøve som fell inn under saksområdet i artikkel 119 i traktaten og følgjande rådsdirektiv:
| - | rådsdirektiv 75/117/EØF av 10. februar 1975 om tilnærming av medlemsstatenes lovgivning om gjennomføring av prinsippet om lik lønn til mannlige og kvinnelige arbeidstakere |
| - | rådsdirektiv 76/207/EØF av 9. februar 1976 om gjennomføring av prinsippet om lik behandling av menn og kvinner når det gjelder adgang til arbeid, yrkesutdanning og forfremmelse samt arbeidsvilkår |
og dessutan følgjande direktiv så langt dei gjeld skilnadshandsaming på grunnlag av kjønn:
| - | rådsdirektiv 92/85/EØF av 19. oktober 1992 om iverksetting av tiltak som forbedrer helse og sikkerhet på arbeidsplassen for gravide arbeidstakere og arbeidstakere som nylig har født eller ammer |
| - | rådsdirektiv 96/34/EF av 3. juni 1996 om rammeavtalen om foreldrepermisjon inngått mellom UNICE, CEEP og EFF |
Rådsdirektiv 75/117/EØF , 76/207/EØF og 92/85/EØF er omfatta av EØS-avtala. Vidare vedtok EØS-komiteen den 26. mars 1999 at rådsdirektiv 96/34/EF av 3. juni 1996 skal innlemmast i EØS-avtala.