Lenke til Stortingets hovedside  

Innst.S.nr.251 (1999-2000)
Innstilling fra energi- og miljøkomiteen om endringer i vilkårene for Statkrafts industrikontrakter og leieavtaler


oversikt første forrige neste

Vedlegg 1. Brev fra Olje- og energidepartementet v/statsråden til komiteen, datert 6. juni 2000

Om St.prp. nr. 78 (1999-2000) Endringar i vilkåra for Statkraft sine industrikontraktar og leigeavtalar

       Eg visar til brev frå energi- og miljøkomiteen dagsett 5. juni 2000 om endringar i vilkåra for Statkraft sine industrikontraktar og leigeavtalar.

       I samsvar med St.prp. nr. 52 (1998-1999) var fristen for å inngå nye avtalar med Statkraft 1. juli 2000. Som følgje av forslaget i St.prp. nr. 78 (1999-2000) om å fjerne vilkåret om å avslutte eksisterande avtalar er det foreslått å utsetje fristen til 15. september 2000. Ei utsetjing av fristen er naudsynt for at bedriftene og Statkraft skal få tid til å vurdere dei vedtaka som Stortinget kjem fram til. Fristen 15. september 2000 føreset at proposisjonen vert handsama av Stortinget i juni. Bedriftene og Statkraft har då om lag tre månader frå vedtak i Stortinget til fristen går ut. Etter dette vil dei ha god tid til å førebu oppstartinga av leveransane. Fristen på om lag tre månader må sjåast i samanheng med at bedriftene har hatt eit år på seg til å vurdere tilbodet i samsvar med St.prp. nr. 52 (1998-1999), og at det i St.prp. nr. 78 (1999-2000) er gjort så små endringar som mogleg i høve til dette tilbodet.

       Dersom St.prp. nr. 78 (1999-2000) vert handsama i Stortinget hausten 2000 må fristen utsetsjast. Dersom Stortinget gjer vedtak i samsvar med St.prp. nr. 78 (1999-2000), finn departementet det rimeleg at det minst vert sett ein frist på 2 månader, rekna frå dato for vedtaket.

       I tillegg må det, av praktiske årsaker, gå ei tid frå signeringa av kontraktar, til kontraktane startar opp, slik at bedriftene og Statkraft får noko tid til å innordne seg dei nye kontraktane.

       I samsvar med St.prp. nr. 78 (1999-2000) skal kontraktane i all hovudsak starte opp 1. januar 2000. Ei handsaming av St.prp. nr. 78 (1999-2000) i Stortinget hausten 2000 kan med andre ord føre til at desse kontraktane fyrst kan startast opp i løpet av vinteren eller våren 2001. Ein seinare oppstart vil føre til at prisen på kontraktane må aukast i tråd med vilkåra i St.prp. nr. 52 (1998-1999), jf kapittel 5.5 i proposisjonen.



oversikt første neste


Sist oppdatert 8. nov 2005 av Stortingets administrasjon