|
Utanriksdepartementet viser i proposisjonen til avgjerd i EØS-komiteen nr. 102/2000 av 10. november 2000, som gjeld endring av protokoll 31 til EØS-avtala om samarbeid på særlege område utanfor dei fire fridomane. Endringa inneber at EFTA-statane får høve til å vera med i framhaldet av det fleirårige fellesskapsprogrammet for energieffektivisering (SAVE).
SAVE har følgjande særskilde mål:
| - | å stimulera til energieffektivitetstiltak innan alle sektorar, |
| - | å oppmuntra private og offentlege forbrukarar og industrien til å investera i energisparing, |
| - | å leggje tilhøva til rette for betring av energiintensiteten i sluttforbruket. |
Avgjerda i EØS-komiteen vil forplikte EFTA-statane å ta del i finansieringa av delprogrammet. Den økonomiske ramma for gjennomføringa av delprogrammet er på 66 mill. euro for perioden 1998-2002. Noreg sin del er på 1,8 % av denne summen. Ved ein kurs på 1 euro = 8,2 kroner utgjer dette om lag 1,9 mill. kroner årleg. Tilskotet frå Noreg vert dekt over Olje- og energidepartementet sitt budsjettkapittel 1825 Energiøkonomisering, post 21 Informasjon og opplæring m.v. Stortinget er tidlegare orientert om Noreg si deltaking i SAVE i St.prp. nr. 1 (1996-1997) og St.prp. nr. 52 (1996-1997).
Deltaking i programmet får ikkje nemnande administrative konsekvensar, og vil ikkje innebere endring av norske lover og forskrifter.
Avgjerda i EØS-komiteen og rådsvedtaket følgjer i uoffisiell norsk versjon som trykte vedlegg til proposisjonen.
Utkast til innstilling er forelagt utenrikskomiteen, som ikke har merknader til innstillingen.