Lenke til Stortingets hovedside  

Innst.S.nr.77 (2000-2001)
Innstilling frå samferdselskomiteen om endring av løyvingar m.v. for 2000 på Samferdselsdepartementets område


oversikt første forrige neste

4. Programkategori 21.50 jernbaneformål

4.1 Samandrag

Kap. 1354 Statens jernbanetilsyn

Post 01 Driftsutgifter

       Departementet gjer framlegg om å auke løyvinga på kap. 1354, post 1 Driftsutgifter, med 1 mill. kroner i samband med oppfølgjing av tilrådingar frå den regjeringsoppnemnde granskingskommisjonen etter togulykka på Rørosbanen. Auken blir dekt ved reduksjon av kap. 1301, post 21.

Kap. 5611 Renter av lån til NSB BA med dotterselskap

Post 80 Renter av lån til NSB BA

       Rekneskapen for 2000 viser at betaling av renter til NSB BA er over 12 mill. kroner høgare enn budsjettert. Departementet gjer difor framlegg om å auke kap. 5611, post 80 Renter av lån til NSB BA, med 12 mill. kroner.

Post 81 Renter av lån til NSB Gardermobanen AS

       NSB Gardermobanen AS er etablert med eit statslån på 1 118 mill. kroner. Lånet skal innfriast seinast 2. desember 2001.

       Det blir gjort greie for oppretting av ein ny post for betaling av renter av lån frå NSB Gardermobanen AS og at rentene for 2000 er rekna til 73 mill. kroner.

4.2 Merknader frå komiteen

Kap. 1354 post 1

       Komiteen slutter seg til bevilgningsposten.

Kap. 5611 postene 80 og 81

       Komiteen slutter seg til bevilgningsposten.



oversikt første neste


Sist oppdatert 9. juni 2006 av Stortingets administrasjon