|
Eg viser til brevet Dykkar av 17. november 2000 med spørsmål i tilknyting til handsaming av St.meld. nr. 9 (2000-2001). Spørsmåla handlar om økonomiske verknader for Statnett SF, Statkraft SF og sentralnettet sine kundar som følgje av den omlegginga av kraftutvekslinga mellom Noreg og Danmark som departementet legg opp til frå 1. januar 2001.
I St.meld. nr. 9 (2000-2001) står det:
| « Statkraft har gjort avtaler med ELSAM og E.ON Energie om å gjere dei fysiske kraftutvekslingsavtalene om til finansielle avtaler. Endringane fører til at dei kommersielle partane i avtalene gjev frå seg dei eksklusive avtalefesta rettane knytt til fysisk kraftutveksling over kablane i nær 20 år framover. Statkraft vil etter omlegginga ikkje lenger leige kablane av Statnett SF. » |
For å kunne gjennomføra kraftutvekslinga over Skagerrakkablane slik avtalane ein har i dag med ELSAM og E. ON Energie føreset, leiger Statkraft kabelanlegga av Statnett. Leigeavtalane varer like lenge som kraftutvekslingsavtalane.
Leigeinntektene frå Statkraft til Statnett dekkjer kostnadene ved kablane. Statkraft betalar i tillegg grensetariff til sentralnettet og får alle inntekter frå kraftutvekslinga. Dei fysiske tapa i kabelanlegga vert dekka innanfor kraftutvekslingsavtalane.
Statkraft og Statnett har gjort ein avtale som frir Statkraft frå å leige kablane, når dei fysiske kraftutvekslingsavtalane vert gjort om til finansielle avtalar og ny organisering av kraftutvekslinga mellom Noreg og Danmark trer i kraft. Når det gjeld dei økonomiske verknadene for Statkraft, vil eg vise til at Statkraft har i underkant av 45 prosent av ELSAM-avtalen, medan den resten er fordelt mellom 17 andre norske kraftselskap, jf St.prp. nr. 37 (1994-95 og Innst.S.nr.162 (1994-1995). ELSAM-avtalen regulerer 60 prosent av overføringshastigheten på kablane.
I St.meld. nr. 9 (2000-2001) står det vidare:
| « Kraftutvekslinga mellom Noreg og Danmark er til nytte for begge land. Departementet legg til grunn at alle kostnadene knytt til sjøkablane skal delast mellom Noreg og Danmark, og at tilsvarande prinsipp skal gjelde ved reinvestering eller utviding av kapasiteten. Den norske delen av kostnadene for kablane og det norske landanlegget vil bli dekka innanfor sentralnettsordninga. Inntektene til sentralnettet frå grensetariffen vil falle bort som følgje av omlegginga. Dette vil innebere ei omfordeling mellom brukarane av sentralnettet samanlikna med i dag. Den samla auken av tariffane i sentralnettet vil i følgje Statnett vere opp til 11 prosent. Flaskehalsinntekter vil kunne medverke til å redusere auken i tariffen. » |
Statnett tek no over heile ansvaret for den fysiske kraftutvekslinga over Skagerrakkablane og kabelanlegga vert lagde inn i sentralnettsordninga. I den nye organiseringa vil difor kostnadene ved kabelanlegga og tapa bli dekka av sentralnettsordninga, grensetariffen vil falle bort og den norske delen av flaskehalsinntektene frå utvekslinga vil i staden koma som inntekt til sentralnettet.
Eg kan stadfesta at Statnett i sommar søkte NVE om auka inntektsramme med 150 millionar kroner pr. år som følgje av at Skagerrakkablane og landanlegga på norsk side skal leggjast inn i det norske sentralnettet. Statnett har nyleg sendt NVE ein revidert søknad om auka inntektsramme. Der søkjer Statnett om ei ramme som baserer seg på dei ordinære reglane for NVE si fastsetjing av inntektsrammer, mellom anna handsaming av kapitalgrunnlag. Vidare søkjer Statnett om dispensasjon frå reglane om effektiviseringskrav når det gjeld kabelanlegga. Departementet har ikkje vurdert innhaldet i søknaden til Statnett, og søknaden vert no handsama av NVE etter energi- og forvaltningslova på ordinær måte.
I 2000 vil Statkraft betala ca 80 millionar kroner i grensetariff til sentralnettet. Denne inntektskjelda til sentralnettet fell som nemnt bort som følgje av omlegginga.
Då departementet i St.meld. nr. 9 (2000-2001) gjorde eit overslag på opp til 11 prosent auke i den samla sentralnettstariffen, vart det tatt omsyn til både auken i inntektsramma og bortfallet av grensetariffen. Det er viktig å understreka at det ikkje er tatt omsyn til at sentralnettet vil få flaskehalsinntekter i dette overslaget. Det er uvisst kor stor auken i tariffen blir når ein tek omsyn til flaskehalsinntektene. Desse inntektene vil variera frå år til år og avhenga mellom anna av tilsiget.
Når det gjeld spørsmålet om auken vil falle på « kundene i sentralnettet, altså på forbrukerne », vil eg først peika på at både uttak og innmating må betala tariff til sentralnettet. Altså er både produsentar og forbrukarar kundar i sentralnettet.
Ved fastsetjinga av sentralnettstariffen for 2001 har Statnett opplyst at dei har tatt høgde for verknadene av omlegginga.
Omlegginga av kraftutvekslinga med Danmark fell saman i tid med at Statnett har endra fordelinga av sentralnettstariffen mellom innmating og uttak. For 2001 har Statnett lagt til grunn at innmating av kraft til sentralnettet skal betala ein mindre tariff enn uttak. Dette er gjort med omsyn til mellom anna effektbalansen og arbeidet med å harmonisere sentralnettstariffane i Norden. Sidan norske produsentar i dag stort sett betalar ein høgare innmatingstariff enn produsentar i dei andre nordiske landa, ynskjer Statnett å redusera produsentane sine tariff ytterlegare frå 2002.
Sentralnettstariffen for 2001 er klaga inn til NVE, av mellom anna Prosessindustriens Landsforening, ei rekkje større forbrukarar og Forbrukarrådet. Klagen er til handsaming i NVE, og eg vil på dette tidspunktet difor ikkje kommentera sjølve sentralnettstariffen for 2001 og fordelinga mellom forbrukarar og produsentar.