|
Det er i meldinga gjort greie for oppgåvene til Kredittilsynet og til styring og administrasjon i 1999.
Kredittilsynet overtok tilsynet med rekneskapsførarar (autorisasjonsordninga) frå 1. januar 1999. Sjølv om det blei gjort enkelte forenklingar i regelverket, har forvaltning og tilsyn synt seg særs ressurskrevjande, og meir enn det ein opphavleg rekna med.
Dei samla utgiftene til Kredittilsynet var 95,7 mill. kroner, ein auke på 10,0 % frå 1997. Utgiftene blir dekte ved innkrevjing frå dei tilsynspliktige.
Ein viser til Kredittilsynet si årsmelding for nærare omtale av administrative tilhøve o.a. i Kredittilsynet. Årsmeldinga inneheld òg Kredittilsynet sitt syn på tilhøva i finansmarknaden og verksemder under tilsyn. Årsmeldinga frå Kredittilsynet følgjer som utrykt vedlegg til meldinga.
Komiteen tek omtalen i meldinga til orientering.