|
Komiteens flertall, medlemmene fra
Arbeiderpartiet, Aud Blattmann, Gunn Karin Gjul, Bent Hegna, Anders
Hornslien, lederen Tore Nordtun og Torny Pedersen, fra Kristelig Folkeparti,
Hilde Frafjord Johnson og Bror Yngve Rahm, fra Fremskrittspartiet, Øyvind
Korsberg og Øyvind Vaksdal, fra Høyre, Bent Høie og Jan Tore Sanner, og fra
Venstre, Gunnar Kvassheim, har ingen merknader til proposisjonen.
Komiteen sin medlem frå Senterpartiet,
John Dale, har merka seg at det i
St.prp. nr. 40 (2000-2001) vert referert til utgreiinga som er sett i verk
for å klarleggje tilhøva knytta til eigarskap i Stat-oil og framtidig
forvaltning av SDØE. Denne medlemen meiner slike førebuingar har vore
nødvendige, men vil reservere seg mot at det på dette tidspunktet blir fatta
budsjettvedtak som kan få følgjar for Stortingets handsaming av
St.prp. nr. 36 (2000-2001) om Eierskap i Statoil og framtidig forvaltning av
SDØE.
Medlemen i komiteen frå Sosialistisk Venstreparti, Hallgeir H Langeland, viser til at eit fleirtal av veljarane i stortingsvalet i 1997 røysta på partier som lova veljarane at dei ikkje skulle privatisere Statoil. Det er difor eit demokratisk problem, når Arbeidarpartiregjeringa og eit stortingsfleirtal i ekspressfart, vel å gå bort frå sine lovnader om ikkje å privatisere, like før veljarane på ny kan seie si meining om privatisering, ved valet av nytt storting om 7 månader. Denne medlemen kan berre konstatere at fleirtalet ikkje ser ut til å ta omsyn til demokratiske spelereglar i denne saka.
Denne medlemen vil også vise til at partileiar Jagland i regjeringspartiet for eit år sidan skreiv følgjande (3. januar 2000):
| « Det er for tidlig å konkludere i denne saken, men vårt utgangspunkt må være at olje- og gassressursene tilhører hele folket. Med bakgrunn i hva et flertall av Stortingsrepresentantene gikk til valg på i 1997, er det vanskelig å tenke seg at en dramatisk omlegging av olje- og gasspolitikken kan skje før valget i 2001. » |
Denne medlemen vil peike på at det Jagland skreiv for 12 månader sidan, kan stå ved lag om Regjeringa vel å samarbeide med partier som held sine valløfter frå 1997. Dersom eit fleirtal likevel vel å sjå bort frå « hva et flertall av Stortingsrepresentantene gikk til valg på i 1997 », vil denne medlemen røyste mot bevillingsforslaget.