|
Det blir i dokumentet fremja følgjande
forslag:
« Ei ordning med friviljug deling av
pensjonspoeng mellom ektefellar i felles verksemd vert gjort gjeldande for
perioden 1967 til 1986. »
Som bakgrunn for forslaget peiker forslagsstillarane på at ektefellar i felles verksemd må setja fram krav om å få likninga fordelt i samband med sjølvmeldinga, og at det i skattelova før 1986 var grenser for ei slik fordeling som gjorde det vanskeleg for ein del kvinner både i jordbruket og i andre felles verksemder å få fastsett poeng i høve til arbeidsinnsatsen sin.
Det blir uttala at for ektefellar med verksemd med låge og middels inntekter ville eit større høve til å fordela inntekta i dei aktuelle åra neppe vera nokon pensjonsmessig fordel for ektefellane samla sett, men at ei deling alltid vil vera til fordel for samla inntekter over 12 gonger folketrygda sitt grunnbeløp.
Ved skilsmisse vil det vera ein fordel for kvinna at den tidlegare felles inntekta frå verksemda er fordelt.
Forslagsstillarane peiker på at mange kvinner som no nærmar seg pensjonsalderen, ser at dei manglar poeng for åra før 1986, og at dei oppfattar det som diskriminerande samanlikna med mannen, som har fått auka sine poeng på grunn av deira felles arbeidsinnsats.