Lenke til Stortingets hovedside  

Innst.S.nr.217 (2000-2001)
Innstilling fra familie-, kultur- og administrasjonskomiteen om samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-komiteen om endring av protokoll 31 i EØS-avtala om deltaking for EFTA/EØS-statane i det femte likestillingsprogrammet til EU (2001-2005)


oversikt første forrige neste

Sammendrag

       Noreg har teke del i det fjerde likestillingsprogrammet til EU (1996-2000) sidan 1996 (1997), jf St.prp. nr. 28 (1996-1997). Dette programmet vert no avløyst av det femte likestillingsprogrammet til EU (2001-2005), med verknad frå 1. januar 2001.

       Det nye likestillingsprogrammet vart formelt vedteke av EU 20. desember 2000. Programmet er ope for deltaking for EFTA/EØS-statane.

       Norsk deltaking i programmet gjer det naudsynt med løyvingsvedtak og med samtykke frå Stortinget til deltaking i avgjerda i EØS-komiteen. Med sikte på at Noreg skal kunne ta del i programmet så snøgt som mogleg, vert det lagt opp til at det vert innhenta samtykke frå Stortinget før det er teke avgjerd i EØS-komiteen. Avgjerda i EØS-komiteen er venta i komitémøtet 11. mai 2001, men datoen kan verte endra.

       Noreg har som nemnt ovanfor teke del i det fjerde likestillingsprogrammet (1996-2000). Programmet har m.a. gjeve støtte til transnasjonale samarbeidsprosjekt for å utvikle modellar og metodar for integrering av kjønnsperspektiv og likestilling på alle politikkområde, mobilisere alle sosiale og økonomiske aktørar for likestilling, fremje likestilling i ein økonomisk omstillingsprosess, harmonisere arbeidsliv og familie, arbeide for lik deltaking av begge kjønn i avgjerdsprosessen og utvikle informasjon og statistikk på likestillingsområdet. To ekspertgrupper har vore i aktivitet med fokus høvesvis på sysselsetjing og lovgjeving, og det er gjeve støtte til formidling av resultat. Noreg har teke del i alle desse aktivitetane.

       Det femte likestillingsprogrammet er utforma i tråd med EU-politikken for integrering av kjønnsperspektiv og likestilling på alle politikkområde, og den strategien for likestilling som Europakommisjonen vedtok i juni 2000. Tematisk vert det fokusert breitt på å fremje kjønnsperspektiv og likestilling på fem område:

-det økonomiske livet,
-lik deltaking og representasjon,
-sosiale rettar,
-det sivile livet,
-kjønnsroller og stereotypiar.

       Programmet skal samordne, støtte og finansiere fleirnasjonale nettverk, medvitsaukande tiltak, analyse og metodeutvikling, og skal dessutan overvake, rapportere og evaluere situasjonen på innsatsområda. Sentrale aktørar vil omfatte europeiske kvinneorganisasjonar og andre frivillige organisasjonar, arbeidslivsorganisasjonar og samanslutningar av lokale eller regionale styresmakter.

       Programmet er ope for deltaking for søkjarstatane i Sentral- og Aust-Europa, og for Kypros, Malta og Tyrkia, i tillegg til EFTA/EØS-statane. Programmet skal støtte likestilling i søkjarstatane, og skal dessutan ta omsyn til at kvinner kan vere sårbare for dobbel eller fleirdobbel diskriminering.

       Ettersom den norske deltakinga vil verte finansiert over eit tidsrom på fem år, må Stortinget gje samtykke til godkjenning av avgjerda i EØS-komiteen, jf § 26 andre leddet i Grunnlova. Island og Liechtenstein har ikkje tilsvarande trong for slike prosedyrar i denne saka. Ei avgjerd i EØS-komiten kan ikkje ta til å gjelde for EFTA/EØS-statane før alle dei naudsynte meldingane om at konstistusjonelle prosedyrar er avslutta, er mottekne.

       Programmet har eit budsjettoverslag på 50 mill. euro over femårsperioden. Avgjerda i EØS-komiteen vil innebere at Noreg pliktar seg til å støtte programmet økonomisk gjennom programperioden.

       Med utgangspunkt i budsjettoverslaget på 50 mill. euro vil Noreg sin del over femårsperioden kome på om lag NOK 7.086.630, eller ein gjennomsnittleg kostnad per år på om lag NOK 1.417.326. Utgiftene vil verte dekte over budsjettet til Barne- og familiedepartementet, kap. 846 post 22.

       Deltakinga i programmet gjer det ikkje naudsynt med lov- eller forskriftsendringar.

       Hovudmålet med avgjerda om å skipe eit rammeprogram for likestilling (2001-2005) er å medverke til å styrkje likestillingssamarbeidet i Europa, og å støtte opp under rammestrategien til Det europeiske fellesskapet (2001-2005) for å fremje likestilling på alle politikkområde. Målsetjingane for likestillingsarbeidet i EU er i hovudsak samanfallande med dei norske måla på området.



oversikt første neste


Sist oppdatert 9. juni 2006 av Stortingets administrasjon